Veterangjengen var innkvarterte på Offisersporten hotell i gamlebyen, ei tidlegare militærkaserne som no var gjort om til overnattingsstad. Det passa bra for veteranane som er vande med å vere ein disiplinert gjeng. Dei fleste hadde sett fram til fredagskvelden, for denne gongen skulle eit nytt lagutvelgingssystem prøvast ut. Internkampen dei siste åra har vore for ujamn, og etter fjoråret vart det dermed bestemt at eit nytt seedingsystem skulle settast i verk.
Alf Ole Aarseth med sitt alter ego Alf Inge Slinning, har gjennom året seeda gjengen etter beste evne. Dei 16 veteranane som hadde fått klarsignal frå fastlegane sine om å få spele, vart dermed inndelte i fire seedingnivå. Administrator Aarseth hadde fått tak i 16 kinderegg-kapslar med namnebrikke inni, og då komiteformann Audun Lyshagen på fiffig vis trylla fram fire store glasbollar var det vill jubel og klart for tidenes fredagstrekning. Champions league-hymna ljoma gjennom romet, og vi mangla berre Åse Kleveland som konferansier og UEFA-president Michel Platini som kontrollør for at dette var nærast komplett.
Spenninga i lokalet steig i takt med uttrekte veteranar og etter ein halvtimes seanse, var det tilsynelatande to jamngode lag som skulle møtast til dyst dagen etter. Men tradisjonen tru var sjølvsagt begge lag overtydd om at dette ville verte lett match. Som alltid. Gult mot kvitt, veteranar mot ringrevar. Let the game begin.
Komitéformann Audun Lyshagen er klar for trekning.
Lyshagen kontrollerer at handa til Arnt Egil Hjellen ikkje prøver seg på juks.
Lagtrekkinga er godt i gong.
Etter frukost på hotellet der det gule og kvite laget stirte olmt på kvarandre og prøvde seg med diverse utpsykingar, var laga klare til kamp på Merkurbanen ved Fredrik II Videregåande skule. Rett før kampstart fekk målmann Knut Inge Haugen erfare at eine keeperhansken var vekk, og mistanken vart straks retta mot ein av profilane på det gule laget. Spenninga og nervøsiteten var til å ta og føle på. Men keeperhanske eller ei, det viste seg at det var liten grunn til uro for det kvite laget. Dei gule vart slått 6-2 og sigeren var aldri trua. Alf Ole Aarseth sørga for svekka truverd til sitt eige seedingsystem med å verte toppskårar med 4 mål.
Kvitt lag – Gult lag 6-2
3 x 20 min (1-0) (4-2) (1-0)
Bane: Merkurbanen (kunstgras)
Hovuddommar: Øyvind Ose
Assistentdommarar: Jørund Walseth og Audun Lyshagen
Mål kvitt: Alf Ole Aarseth 4, Bård Forbord, Kenneth Nydahl
Mål gult: Henning Nydahl 2
Sjølv om det kvite laget mangla ein keeperhanske, var kanskje mankoen på det gule laget verre å erstatte. Krumtapp i forsvaret, Sverre Børge Hjorthaug, måtte nemleg kaste inn handkleet rett før kampstart med uorden i tarmsystemet. Ein Oddbjørn Hjelmeset-liknande mage førte til at Hjorthaug måtte tilbringe samtlege minutt av internkampen på do.
Vinnarlaget som vann 6-2. Bak frå venstre: Bård Helge Forbord, Svein Jon Holen, Alf Ole Aarseth, Oddmar Aklestad, Knut Inge Haugen.
Framme: Kjell-Johan Aarseth, Vidar Holen (kaptein), Kenneth Nydahl.
Ingenting å seie på humøret trass tap. Bak frå venstre: Odd Rune Walseth, Arnt Egil Hjellen (kaptein), Kjetil Leknes, Jens Arve Forbord.
Framme: Lasse Sæbønes og Rolf Egil Riise.
I bakgrunnen ser vi Henning Nydahl som også var med på det gule laget, men som vart dyktig sliten utover i kampen og valgte å kvile.
Denne myndige dommartrioen løyste oppgåvene sine perfekt.
I midten hovuddommar Øyvind Grim Ose flankert av assistentane Audun Ove Lyshagen og Jørund Leif Walseth
Komitéen hadde i år ordna med ein godbit for Hjørundfjordingane på tur. Nemleg ishockeykampen mellom Stjernen og Lørenskog. For dei fleste bondalingane var live ishockeykamp ei ny oppleving, og ein glad og munter gjeng benka seg på tribuna i Stjernehallen for å heie fram Fredrikastad sine håpefulle. Og Sæbøgjengen gleid rett inn blant heimepublikumet. Lørenskog sin keeper fekk gjennomgå med buing kvar gong han tok turen bort til vantet der Sæbøgjengen var plassert.
3 periodar á 20 minutt var veteranane vande med, og mellom periodane var det heile 18 minuttar pause. I den første pausa nytta nokre veteranar til å støtte opp om heimelaget endå meir. Iført raudt supportarutstyr såg Bård Forbord & co ut som dei var oppvaksne i ishallen. Og då den tidlegare Stjernenstjerna og legenda på Noreg sitt ishockeylandslag på 80-talet Ørjan Løvdal stilte opp og signerte autografar, fekk hockeyopplevinga ein ekstra dimensjon.
I den siste pausa slo publikum til med storstilt applaus. Og det var ikkje på grunn av dei lettkledde duskedamene på isen det var snakk om. Nei, sæbøveteranane slo til med ein vakker og særs samstemt utføring av bondalssongen under kyndig leiing av dirigent Rolf Egil Riise. Over 1000 begeistra østfoldingar lot seg rive med og applausen varma veterankoret. Eg ville tippa at Laura Frøland også ville hatt ei tåre i augekroken hadde ho høyrt framføringa med den akustikken som Stjernehallen kunne vise til. Etter det musikalske høgdepunktet var det klart for 3. periode og heimelaget skuffa ikkje. Anført av mannen med gullhjelmen, Stjernen sin argaste poengsankar, Henric Höglund, vann Stjernen til slutt 5-2 over Lørenskog.
Etter kampen fekk Sæbøveteranane møte sportsjef i Stjernen, den tidlegare mykje omtalte Lyn-direktøren Morgan Andersen. Autografen hans hamna på genseren til Smurfen & co og vi kan garantere at namnetrekket var ekte… Morgan var ein fin fyr, og stilte velviljug opp for å møte bondalsgjengen. Morgan ofra jubelscenene i lag med heimelaget i garderoba for å få handhelse på dei langveisfarande sunnmøringane. Ikkje kvar dag det er slikt klientell i Stjernehallen må vite.
Klar for ishockey i Stjernehallen. Jens Arve Forbord, Kjell-Johan Aarseth og Svein Jon Holen.
Trauste bondalingar får innføring i hockeyreglane. Ikkje lett å halde styr på slashing, tripping, icing og interference. Men offside hadde vi høyrt om.
Viktig med mat i skrotten når ein skal overvære hockeykamp. Rolig opptakt for Sæbøgjengen på tribuna. Men stemninga skulle auke.
Duskedamer høyrer med i ei sådan stund. Veteranane fulgte nøye med.
Keeper Matt Harpwood på Lørenskog fekk ein travel ettermiddag.
Rolf Egil Riise, Odd Rune Walseth og Sverre Børge Hjorthaug hjalp til ei slunken klubbkasse i Stjernen med å investere i supporterutstyr. Flotte karar i flotte fargar.
Gemyttleg tone mellom laga etter kampen. Lite slåstkampar å melde om frå Stjernehallen.
Denne dommartrioen stod ikkje tilbake for Øyvind Ose & co.
Stjernemøte. Ikkje lett å sjå kven som er sportsdirektør på biletet. Ein dresskledd Alf Ole Aarseth konstaterer at namnetrekket til Morgan Andersen er ekte.
Ein glad gjeng jublar over 5-2 til Stjernen. Frå venstre: Odd Rune Walseth, Rolf Egil Riise, Henning Nydahl, Morgan Andersen, Bård Helge Forbord og Alf Ole Aarseth.
Etter ishockeykampen vanta det lovord til komitéen for ei fin oppleving. Seinare på kvelden var veteranane samla på restaurant for å nyte ein betre middag. I utgangspunktet var Big Horn Steakhouse eit naturleg val, men fleire veteranar uttrykte misnøye med dårleg service og vi valde derfor å innta måltidet på Chang Cheng i staden. Her var servicen på topp, og ei atmosfære som passa veterangjengen mykje betre.
Søndag var det tid for oppsummering og heimreise. Årets pokal gjekk i rein sympati til Sverre Børge Hjorthaug, som missa internkampen grunna magebesvær. Årets komité med Audun Lyshagen og Arnt Egil Hjellen gav stafettpinnen vidare til Kenneth Nydahl og Kjetil Leknes. Dermed skulle ei vidareføring av veterantur-konseptet vere i trygge hender. Vil takke for årets tur og ser allereie fram til neste haust med forventning.
Ein blid pokalvinnar, Sverre Børge Hjorthaug. Svein Jon Holen er også glad på Hjorthaugs vegne.
Avtroppande komitéformann Audun Lyshagen imponerte med eit solid økonomisk overskot etter årets tur. Veteranprotokollen er no overlevert til den nye komitéen.
Kommentarar
Difor let dei seg avbilde saman med Morgan Andersen.
Dømd til eit års betinga fengsel for juks og bedrag i høve "Mikel" sin overgong frå Lyn til Chelsea....
Kor mange av dykk lovde å sone saman med han?(fotlenke i heimen)
Truleg er det nokre av veteranane som er aktuelle for Chelsea Veteranlag.
Portalen prøvde å få ein kommentar frå Morgan og Slinning, men fekk berre til svar:
"Ingen kommentar"
Portalen freista fånyttes å få kommentar frå M.Andersen?
Ingen kommentar har vel vore vanleg frå Morgan Andersen i alle sine korrupterte år , ....så det er vel inga overrasking?
Eg bit meg merke elles i at du titulerar Andersen med fornamn.
Kan det tyde på "samrøre?"
Når det gjeld veteranane sin omgang med kriminelle, har heller ikkje eg nokon kommentar.
Ikkje bland Alf Ole inn i eventuelle lyssky affærer mellom M.Andersen og Alf Inge Slinning...det får stå på deira rekning.
Siste nytt i saka er at eindel av ein mogeleg provisjon til Slinning i denne "veteranhandelen" har gått rett inn på veterankontoen til Lyshagen.
Det er bekrefta stort overskot der i år...
Ser ut som sentralbanksjef Lyshagen har hatt ei birolle her
Men meir interessant:
Veteranlaget vert titulert "dårlegaste mannskapet i Sæbø I.L si fotball-historie.."
Dette krev ei utdjuping.
Kva ligg bak denne karakteristikken ?
Blant desse veteranane er det eit par stykker som begge har over 500 A-kampar, og det vart også sanka nokre KM-titlar til Sæbø av denne gjengen på 80 og 90 talet.
Til liks med Smurfen den einaste med over 500 kampar for Sæbø, og Lasse fekk fortjent ein solid lenestol frå Sæbø IL for bragden.
Men Lasse fekk seg ein knekk i ryggen i sommar rett før veteranlaget skulle delta i Sæbø-cupen, då han rydda garasjen..(var på leit etter denne stolen for å mimre litt :)
Er enig i at laget i perioda 86-93 ikkje fekk ut potensialet, og at den beste perioda for A-laget i nyare tid nok var frå midt på 70-talet og fram til 1983, med bl.a 4 div spel (noværande 3 div) både i 1976 og i 1981, rettnok enda begge med nedrykk.
I denne perioda på 70-talet var spelarar som Helge Strand og brørne hans Rolf og Daffa samt Jarle Walseth og Johan Hjellen sentrale.
Men ein liten brannfakkel som kan gi grunnlag for nok ein diskusjon:
Var det betre treningskultur på 70 og 80-talet en det er i dag ?
Det at tildels utrente veteranar gjorde det såpass bra i årets Sæbø-cup mot dei lokale A-laga kan kanskje tyde på det ? Eller ?
Gler meg forøvrig til årets årsskrift frå Hjørundfjord sogelag.
Eg veit ikkje om det er rett å seie at treningskulturen var betre på 1970- og 1980-talet. Men vi kan slå fast at det vart trent mykje meir. Dette har også med samfunnsendringar å gjere. På 1970-talet var det akseptert at fedre kunne trene fem kveldar i veka. Det går ikkje no.
Det er nok også slik at folk tidlegare i større grad gjekk på trening for å verte betre. No er det meir at ein skal gå på trening for å verte trent. Folk spyr ikkje på trening lenger.
Dei spyr på festen etterpå.....
Framifrå skrive!
Klassestyraren din på ungdomskulen med bl.a undervisning i norsk nikkar tilfreds her han sit....
Den årvisse turen dykkar les eg med glede om kvar haust.
Den fleipete karakteristikken "det dårlegaste mannskapet......." var meint forsøkt å vere ertande og humoristisk.
Legg merke til at det var skrive med hermeteikn...., så ta det ikkje bokstaveleg!
Morgan Andersen sine forfalska underskrifter som kan føre til at F.K Lyn må ut med bortimot 80 millionar kroner er sjølvsagt eit sidespor.
Vedkomande står imidlertid ikkje høgt i kurs i oponionen....!
"Brannfakkelen" som du nemner om treningkultur kan godt kan verte tend....
I min alder er vel "syndromet" at alt var betre før. Noko som kanskje alderen tillegg ein?
Men ja!
Eg har ei kjensle og eit inntrykk av at treningskulturen var betre i åra du syner til. Ei beviseleg kjensle, faktisk....
(Oscar er min 7 år gamle nevø, og som var maskott i kampen.)
Tidlegare så fotrappe Jens Arve Forbord spratt opp og ville sikre seg trofeèt. Det han ikkje rekna med var at 7 åringen Oscar var litt kjappare til beins og snappa pucken til stor applaus frå resten av veterangjengen!
Jens satte seg slukøra på tribuna igjen, tapt spurtduell og tapt puck.
Men nokre minutt seinare viste det seg at 7-åringen syntes så synd på denne veteranen som ikkje fekk tak i pucken, så han kom personleg å leverte den til veterangjengen !
Ein strålande gest frå ein ung storsinna gutunge.
Då vart det umiddelbart iverksatt kronerulling; Jens fekk fylt opp nevane og "potten" overlevert til Oscar.
Tydelegvis kr 181,50
Dette bekreftar vel i stor grad innspelet mitt om treningskulturen før og no...?
Ørstalaget har prestert under det ein kan forvente med berre ein 6 plass i 4 div i år.
Bør ikkje ein bygdeby som Ørsta, ha eit A-lag høgre enn 4 div ? (også sett på bakgrunn av tradisjonane denne klubben har frå 70, 80 og 90-talet)
Myrold/Kjøde ville ta laget vidare og innføre ein ny treningskultur for komande sesong.
Dette innebar 4 treningar i veka + økt vektlegging av styrke og kondisjon.
Dette opplegget ville ikkje spelargruppa være med på...den same spelargruppa som har hatt eit snitt treningsframmøte på berre 60 % i år.
Tydeleg fornøgde med 6 plass i 4 div..
Min påstand er at dette ikkje handlar om tid, men snarare om haldningar.
Spelargruppa til Ørsta består i stor grad av unge spelarar, med få eller ingen familiefedre.
Motivasjonen for å trene hardt nok for å bli god er ikkje til stades..
Eg ser no at påstanden min om at treningskulturen var betre før, ikkje er nokon "brannfakkel" i det heile.
Få av dagens lokale fotballspelarar vil reagere på ein slik påstand. Det seier sitt.
Eg skjønar godt at Einar Myrold og Terje Kjøde trekk seg som trenarar.
... og Ørsta vert nok å finne i 4 div også sesongen 2010...
Eg har gjennom mitt arbeid med dei unge sett at dei unge har mange jern i ilden og at dei må prioriterer.
Før når du ringde studenter og skuleungdom så var dei som regler ledige i helgene og kveldene.
Nå jobber dei ofte etter skuletid for å sy sammen studieøkonomien og i helgene har dei faste jobber.
Dei unge 18 og oppover har og mange tilbod i fritida som vi ikkje hadde.
Kva dei unge vel kan vi voksne ikkje bestemme.
Ta vare på dei som orker å trene før eller etter arbeid/skule og ros dei for at dei i det heile har tid å møte på treninger.
Men utgangspunktet mitt er haldning til treningsopplegg i ein lagidrett. Fotball er eit lagspel, der ein er gjensidig avhengige av kvarandre for å lukkast, samt at kvar enkelt må ha respekt for tid og ressursar andre på laget legg ned. Både overfor dei andre spelarane, trenarar og støtteapparat.
Dette handlar om prioritering, og skal ein nå uttalte mål i ein lagidrett må ein trene godt for å bli betre både individuelt og kollektivt, samt etablere ein sunn treningskultur.
Akkurat slik Myrold/Kjøde skisserte.
Dersom Ørsta A-lag, både spelartropp og lagleiing er nøgde med å være eit middels 4 div lag, og det heller ikkje er så farleg om ein rykkjer vidare ned i 5 div, så er det heilt greitt.
Då aksepterer ein at 60% treningsframmøte ikkje er meir enn ein kan forlange, og at spelarane som er med blir med når dei har anledning...
Eg trur ikkje fotballgruppa i Ørsta med Stein Aam i spissen har ei slik målsetting med A-laget sitt.
Ikkje slik eg kjenner Stein Aam
Ørsta A-lag bør være storebror i kommunen, og minst kunne klare å etablere eit lag i øvre del av 3 div, slik at ein tilrekkjer seg dei unge motiverte talenta som ønskjer å satse på fotball, eit springbrett før dei eventuelt går vidare til Hødd, Molde eller Ålesund
Slik er det ikkje i dag; Ørsta er pr i dag i same divisjon som både Hovdebygda, Åmdal og Vartdal.
Då er det ikkje noko meir attraktivt å spele for Ørsta...
...og i 2010 er det kanskje Sæbø sin tur til å møte Ørsta i seriekamp....
Dersom det ikkje skjer ei kursendring hos storebror då ??
Terje K. og Einar M. sine frustrasjonar over ein slapp trenings-innstilling flettar seg inn i ein kultur i fotballen i Ørsta I.L der det i hovudsak no er det viktigaste å vere høveleg "vasskjemd" på håret og la seg vere trudd, inn-ynda kjendis på puben. I 4. divisjon!
På 70-talet var der ein generasjon spelarar i Ørsta som var på steget til den nest høgaste divisjonen i Noreg. Men diverre lykkast ikkje Kjell Arne Sætre og co. dette. Sidan synast treningsiver og ambisjonar gå unnabakke. Som tabellen syner.
Flaggskip, Alf ole?
Nei, fotballen i hovudsetet er ikkje meir flaggskip enn ansvarlege for Ørsta-vassdraget som einaste elv med nasjonalstatus på Sunnmøre for vern av villaksen.
Navlebeskuande løftar dei ikkje blikket utover Ørsta-terskelfjorden. (Nasjonalstatus avdi han ikkje høver for oppdrett....)
Lyg på seg 200 000 utsette yngel neste år (Møre-Nytt) medan innvilga stamlaksløyve tilseier høgst 50-60 000 yngel.
Diverre vert vi "sentrumisert" også på Sæbø.
A-laget i fotball skal i år trene berre ein (1) gong pr. veke i januar!
2 i februar.
(Skal dei spele i bedrifts-serien....?)
I tillegg må trenar Emil finne seg i at treningane skal gå føre seg i Ørsta.....! Bana på Sæbø med flomlys er altså ikkje bra nok. På heimlege trakter.
Såvel i hovudsetet (Ørsta sentrum( som på Sæbø. Sats på spelarar som prioriterar nett denne aktiviteten som A-lags fotball er.
Dvs. minst 3 treningar pr. veke allereie frå 1. desember. (Gjeld Sæbø)
Dei som ikkje vil vere med på det, bør prioritere annleis.
Terje K. var ein framifrå trener for oss. Han sette krav. Bl.a m.o.t trening.
Resultatet var opprykk til 4.divisjon. (No 3.div.)
Då var det 8 divisjonar.
No er 6. divisjon slått saman med 5.
Så trøysta coach Emil, får vere at det ikkje er mogleg å rykke ned......