Konserten finn stad i gymsalen på Dalane skule (Åmdalen) som for høvet blir kamuflert som ”ballroom” med silke, sølv og krystall. Det musikalske programmet er ein himmelsk lapskaus av gamle svisker og frisk frukt i ei nostalgisk samrøre. I tillegg vert her rom for litt ekstra show undervegs.

Etter songen serverer koret kaker og kaffe attmed borda, dette er sjølvsagt inkludert i billetten. Også menyen blir av herskapleg klasse med bestemors finaste servise og kniplingstynne krumkaker på borda.  Litt ekstra spenning skapast med loddsalg langsmed.

Vi håper mange vil kome og lytte på oss, og gjer merksam på at sjølv om koret pyntar seg treng ikkje gjestane våre gjere det same. Berre ta med godt humør og godøret, så sørger koret for ein gyllen ettermiddagsstund. 

Billettsal frå kl.16:00, dørene opnast kl 16:30