I fjor haust heldt vi ein liknande fest der vi hadde bacalao på menyen,  i år har vi bestilt spekemat. Vi har og ost til dei som ynskjer noko anna. Vi håper at denne festen skal verte ein tradisjon, der vi set måltidet og det sosiale i høgsetet. Vi har og musikk, trubaduren Åge skal halde oss med fin musikk for dei som likar og danse, men dei som ynskjer å slå av ein prat med gode grannar skal ikkje verte ”overspelte” med høg dansemusikk. Vi håper at så mange som mulig kan kome til ein koseleg fest på grendahuset.

Dugnad2

Torva er no kome på plass att, etter ein travel dugnadsdag med mange hender i arbeid.


Som de sikkert har observert har det vore byggeaktivitet på grendahuset i sommar, torvtaket har vore omlagt pga. lekkasje . Denne jobben har vore gjort på dugnad og eigarane og andre har stilt opp med traktorar,  hammar, spader og mat. Helselaget har stilt opp på dei store dugnadsdagane med mat til dugnadgjengen. Bondelaget har stilt opp med dei største traktorane i dalen slik at vi fekk  torva både opp og ned av taket. Den siste dagen møtte det  17 personar som jobba som heltar store deler av dagen. Sender ein stor takk til alle som har stilt opp og støtta grendahuset på denne viktige jobben.  Vi i styret skuldar dugnadsgjengen  ein skikkeleg taktekkjarfest, og vi håper at vi får sjå att  alle som har hjelpt til på taket  når vi no byd inn til fest.


Som de sikkert forstår så var ikkje denne  store jobben gratis, men  alle veit at det er krise når taket lek, så denne  kostnaden kom vi  ikkje utanom. Slik er festen på laurdag i tillegg til å vere ein kosefest, også meint å vere ei  inntektskjelde for  kostnadane  på taket.
Men for all del, vi stiller for å ha det kjekt

Litt praktiske ting:
Billettar ligg utefor sal på Bellingen, og kostar kr. 250 pr. stk.


I og med  vi har eit ambulerande skjenkeløyve,  ynskjer vi påmelding.
Vi må vite kor mange som kjem seinast torsdags kveld, dette pga. av bestilling av mat.