Ann-Helen hadde med seg julesongar sidan det nærmar seg julemarknad. Heilt greitt å starte litt roleg før instrumenta vart skikkeleg oppvarma og det høyrdest så fint ut at vi nesten kom i julestemning.

I djup konsentrasjon over notane. Desse to hadde ingen startvanskar!
Nokre av instrumenta måtte ha påfyll av mykje ventilolje før dei fungerte som dei skulle. Etter kvart måtte også musikantane ha påfyll av væske. Korps skal vere sosialt og pause med kaffi og saft/vatn høyrer med.

Yngre og litt eldre ungdom.
Vi rakk også å gjere oss kjende med ein marsj og ei ballade så dette skal bli bra til julemarknaden i desember.

Fordelen med eit generasjonskorps er at ein kan hjelpe kvarandre og på den måten raskare får fram gode musikantar.
Dette var kjekt og vi håpar verkeleg at fleire vil kome og spele i lag med oss!
(26.10.2008 kl. 02:42)
Takk for det, Ivar!
Men styret og jeg var ganske oppgitt på møtet vi hadde og var vel temmelig enige om at dette ikke hadde noe for seg.
Det var kun én person "utenfra" som møtte, men hun ga klart uttrykk for at hun veldig gjerne ville spille i korps og mente vi måtte prøve med en øving før vi ga helt opp.
Vi lot oss motvillig overtale og resultatet ble jo bare overveldende på torsdag.
Så vi må nok dele æren for dette med Oddhild Kalvatn som ikke lot oss gi opp så lett:)
Det kjekke er også at stadig flere sier de vil komme på øving på torsdag og det pågår intens verving rundt omkring i dalen:D
Kari Stokke
Hipp hurra for Kari og styret... (25.10.2008 kl. 14:30)
Kari skreiv i eit tidlegare innlegg:
"Men nokre av oss er likevel så utruleg teite at vi ikkje skjønar dei signala som vert gitt oss..."
Å, kor glade vi er for at her finst att slike som deg i bygda Kari!
Ivar Svein Mo
Hilsen fra Vartdal (25.10.2008 kl. 14:01)
Ann-Helen Sørhaug har videresendt en tekstmelding hun har mottatt fra korpsa på Vartdal:
"GRATULERER med generasjonskorps på Sæbø! Kjempebra at dokke fekk samla troppene!!!Klart d må vere korps på Sæbø. Noko anna er heilt utenkelig. Eit stort lykke til m arbeidet vidare! Helsing store og små i Vartdalsstranda skulekorps og hornmusikk."
Kari Stokke
Godkjensle... (24.10.2008 kl. 16:05)
Eg hadde nesten gløymt kor kjekt det er å spele i korps.. Kjende meg faktisk tjue år yngre med ein gong! (Kanskje fordi det er akkurat tjue år sidan eg var med i Volda skulekorps?)
Høyrde rykte om nokre som kan bidra med klarinettspel... dei må kome på neste øving!
Ingvil Flatnes