Hjørundfjord Kulturvernlag har nett starta registreringa av dei gamle landbruksreiskapa som Anders Hustadnes samla i presteløa på Sæbø. Ole Viddal og Knut Leknes var kjentfolk ein laurdag no i september og ilag med Kjell-Arne Årset, Helge Nordang og Kåre Øygard fekk dei ei god oversikt på kva ein finn i løa.
Vedahoggar frå Bondalen
Det mest spesielle er nok to vedhoggarar og gamletraktoren til Oskar Sæbø.
Vedhoggarane fann ein etter det vi i Hjørundfjord Kulturvernlag veit, kun i Hjørundfjorden. Ei lokal oppfinning? Dei vart produserte her i fjorden. Er det nokon som veit om ein finn desse vedhoggarane andre stadar?
Gamletraktoren til Oskar Sæbø er ein T-Ford modell som var laga om til, eller produsert som traktor. Det er jarnhjul og ikkje for mykje fjøring i setet. Traktoren er frå 1930-talet.
I samband med Hjørundfjorddagane neste juni, ynskjer Hjørundfjord Kulturvernlag å ha ei utstilling med gamle landbruksreiskap, der desse to klenodiane skal stillast ut. Målet vårt er at vi skal syne både vedhoggaren og traktoren i drift.
Til dette treng Kulturvernlaget hjelp av driftige karar- eller kvinner som har tekniske kunnskapar, eller som har interesse i gamle motorar, slik at vi kan få motorane i gang.
Ta kontakt med Synnøve Rekkedal Hill dersom du kan tenkje deg å vere med på dette, eller om du veit om nokon som har interesse av å vere med.
Synnøve er lettast å nå på 91326967, eller synnove_hill@hotmail.com
Likedan hadde det vore flott om nokon har historier knytt til traktoren eller vedhoggarane. Skal tru om nokon har bilete? Det hadde vore flott å ha til utstillinga på Hjørundfjordddagane.
Klikk på lenkene nedanfor for å sjå den omtalte kløyvaren på Kalvatn i Volda kommune:
Bilete til Voldaveireret av vedakløyvar
Synnøve Rekkedal Hill
-leiar Hjørundfjord Kulturvernlag-