IMG_0314

Reiseleder hadde ordna med dei to sparebankbussane, og vi var to sjåførar i kvar buss.

Her er Tore og Jon som styrte den eine bussen.

IMG_0313

Forventningsfull gjeng, med godt reisehumør.

IMG_0315

Vi reiste på siste ferja frå Sæbø fredag 17 oktober.

Litt spennande var det om det vart travelt og sitte slik ei heil natt.

IMG_0317

Vi tok ei velfortjent pause på Kvam, noko å leske seg med på Sinclair.

Då vi kom til Oslo fekk vi frukost på hotellet, det smakte godt.

Ikkje alle fekk rom så vi "kosa" oss med shopping og såg på folkelivet på Karl Johan.

Då romma var klar kl15.30 fekk vi dusje og skifte, så bar det rett på operaen!

IMG_0331

Her ser vi spente ut, vi sat på balkongen (tenkte det meir slik som i muppet show)

IMG_0329

                              TITUS

                    LA CLEMENZA DI TITO

Sesongpremiere laurdag 18/10 kl 18.00

musikk:Wolfgang Amadeus Mozart

Vi fylgde litt ekstra med Publicus som vart spela av Magne Fremmerlid

vi va litt stolte då veit du.

Det var ei flott forestilling, operaen kan virkeleg anbefalast, ei stor oppleving!

IMG_0333

Etterpå bar turen rett til Grand, der var det dekka langbord berre til oss.

Alt ordna av reiseleder Kari Hame.

IMG_0332

Her var det litt for mørkt til å få gode bilde, men kjenn stemninga!

Vi hadde ei "servitruse" som underheldt, fortalde om maten om veggmåleri og som var oppmerksom og kunne sitt fag.

Det berømte veggmåleriet til Christian Krohg , som dekte heile kortveggen der vi sat, fekk vi vete det meste om.

Der var det måla mange fordums kjendisar, blant anna peika ho ut Ivar Åsen på dette måleriet, han var lik seg.

Så fekk vi skryte av at vi var frå same bygd som han.

IMG_0337IMG_0334

Forrett Ørret eller Kamsjell, Hovedrett Gås eller lam, dessert vanijeis og eple eller jordbær og kvit sjokolade!

Med mykje flott og godt tilbehør selfølgelig.

Alt med veltilpassa drikke til, Fabelaktig!

IMG_0340

Mmmm....

IMG_0335

Ragnhild måtte til og med ete med brillene på slik ho såg kor godt det var

tillaga.

Me var svoltne so eg skal love det smakte godt.

IMG_0344

Slik serverte dei rekninga på Grand!

Rett og slett skribla på duken på plassen din, ny trend?

IMG_0346

Etter ei natt i Tigerstaden var det godt å kvile litt, før vi vakna opplagde og klar til ein busstur heim.

Vi kosa oss med ein god frukost, pakka kofferten og møtte lydige opp på trappa på hotell Munch.

 

IMG_0347

Reiseleder sjekkar at alle er med før vi tek av mot heimlege trakter.

Turen heim gjekk fint, vi hadde ein stopp på Sinclair som "vanleg",

Det møtte vi ein meget kjent bussjåfør på tur (Jostein).

Ein kommentar må vi ha med , GPS er for pyser!!!

Tusen takk til Kari og Bruno Hame for ei flott kulturoppleving i ein godt organisert "pakke".

Håpe vi kan få inn dette som ein årleg tradisjon.