Nedanfor Hustad-bru ivrar nokre laksar etter å kome seg fram i elv i påvente av regn. Dei synast verte færrre og færre.
Frå brua vart det før helga bevisleg og opelyst fiska i ei totalstengd elv. Nedanfor brua vart laks landa, men måtte setjast ut att etter at folk frå bygda tilfeldigvis kom forbi.
Båe tilfelle flettar seg inn i ein total mangel på respekt for elv og reglar og forbod.
Dette hende på dagtid. I tillegg kjem tidlegare "overgrep" i og kring elva.
Så kan ein berre tenkje seg kva som skjer "nattestid......"
Er det kome så langt at ein må opprette "villaks-borgervern" på Sæbø/Bondalen? Har ikkje elveigarlaget nokon form for strategi i høve den "pest og plage" som Bondalselva no vert utsett for?
Eg er ikkje åleine om å undrast.
Kommentarar
Han understreker at det er grunneigarane sitt ansvar å føre kontroll på sine soner i elva.
Greitt nok, men fråver av nett slik kontroll er meir regel enn unnatak i elva. Følgjene ser ein.
Bevislege auge-vitne om ulovleg fiske og landa laks på Hustad sone kan eg syne til, om naudsynt.
Kenneth Hustad er sjølv ein av dei største grunneigarane i elva.
Av dei grunneigarane som i særklasse tener mest og har tent mest på elvefisket.
Når grunneigarane på denne sona ikkje er i stand til å utøve kontroll, sjølv på dagtid etter sesongslutt,korleis kan ein då vente at dei andre grunneigarlaga som stort sett ikkje tener på elva eller sjølv får laks skal bry seg?
Ein må elles vere både "blind og naiv" om ein ikkje har fått med seg det ulovlege fisket etter sesongslutt som "individuelt" har gått føre seg på denne sona i årevis.
Realitetane er at det ikkje finnast kontroll i elva, korkje dag eller natt.
Er det ikkje på tide at elveigarlaget innser at det er deira ansvar å gripe inn og endre denne praksisen i staden for å skyve ansvaret frå seg?