Sæbø IL er glade for å presentere Knut Skram som hovudattraksjon under Hjørundfjorddagane 2009. I tillegg vil Sigmund Årseth vere hovudutstillar.

Familien Skram foto 1958

Eit kjært bilete frå 1958 som mange heimar fekk frå prestefamilien Skram, etter dei hadde reist frå bygda i 1953. Familien var så lenge i Hjørundfjorden, og den presten som har vore lengst i kallet på 1900talet, at dei kjende seg som bygdefolk: Asbjørn og Kari Skram med Eli og Dag i mellom seg. Bak fv.Ingeborg Margrethe, Ole Reinhardt, Inger Johanne og Knut.
Asbjørn og Kari var aktiv i alt som hadde med song og musikk i bygda og denne interessa gjekk vidare til borna. Knut Skaram er fødd i 1937 på Sæbø. I tillegg som operasangar har Knut Skram arkitektutdannelse.

Årseth Sigmund 20080622

Ein annan kunstnar frå Sæbø som vert hovudutstillar, er ikkje mest kjend for si interesse for song og musikk, men som kunstmålar. Sigmund Årseth er fødd i 1936 og voks opp på Rise. Han er barndomskammerat til Knut Skram og dette vil verte ein fin duo som vil trekke mykje folk.

Det har dessutan lukkast - etter eit vitalt og frukbart idemyldringsmyte - å stable ei ny arrangementsnemnd på beina.  Synnøve Rekkedal Hill er leiar. Nemnda manglar per dato ein mann.

 

Det viste seg at idemyldringsmøtet var kreativt og ikkje keisamt.