Denne dagen kunne ikkje vore bedre, himmelen var så og seie skyfri og tempraturen var ikkje og noko å klage på. Døtra våra på 2 1/2 år er veldig glad i dyr og om morgonane på vei til barnehagen i Ørsta, får vi høre om alle dyr ho ser ut på markane:) Så derfor tenkte eg at dette var midt i blinken for ho.

 

DSC01157

Litt skeptisk med engong...men det kom seg fort. Der var ikkje så mange, men 3 sauer holdt for dei fleste.

DSC01158

Det første vi møtte i fjøsen var dei små fine kalvane som stod der og ville bli klappa..søte var dei i allefall:)

DSC01159

Emilia vart fortalt korleis den automatiske melkemaskina fungera, av ein av bøndene som eig i samdrifta. Ganske imponerande egentli!

DSC01163

Oksane låg berre og lata seg!

DSC01167

Litt av fjøsen i heilskap.

DSC01170

Her selde dei noke å bite i og drikke på, klokka nærma seg 16 her, så dei var begynt og pakke saman sakene sine.

DSC01171

Eit par fine langhåra kaniner var det også der, men dei hadde det med og gøyme seg inni buret.

DSC01172

Dei siste dyra som var der var 2 smågrisunga, dei var litt sky så det var ikkje enkelt og få eit bilde av dei;)

DSC01174

Heilt tilslutt måtte Sandra en tur bortom sauene og sei hade før bonden som eigde dei kom og henta dei heimatt.

 

Tusen takk til Ørsta bondelag og Nordre Vartdal bygdekvinnelag som arrangerte denne dagen for alle oss som tok turen innom:)

Kanskje hadde det vore en ide og arrangert det same her i Bondalen i 2 av dei nye fellesfjøsane?