Det er vel å ta litt sterkt i å kalle Lill Haugen for hjørundfjording, men ho er temmeleg nær - åmdaling som ho er. Og så er ho altså ivrig brukar av hjorundfjord.no., og ein ivrig dykkar og undervassfotograf.
![201[1] 201[1]](/images/cache/40/9561/scale-down-800x600/201_1_2.jpg?1522763148)
Lill Haugen i Lisjeskåradalen
Laurdag den 6. september var ho med i NM i undervassfoto i Stokmarknes. Der gjorde ho det svært skarpt - ho vart nr. fire samanlagt og ho gjekk av med sigeren i publikumsklassa. Motivet var portrett av ei reke. Ynskjer du å lese meir og ikkje minst sjå flotte undervassfoto, klikk her.
Lill Haugen, som dotter av Olav Haugen og syster til Ronny Haugen, var i vår på skitur til Skårasalen. Der tok ho fleire spesielle foto - klikk her
Lill har også ei flott heimeside med foto som må sjåast. www.evildivers.com
Fotoutstyr (30.09.2008 kl. 23:48)
I dag fekk eg e-post frå Lill. Eg reknar med at ho godtek at eg set på trykk delar av den her:
"Ang fotoutstyret mitt:
Vanlig Nikon d70s – godt pakka inn i eit aluminum-undervasshus av typen Nexus (solide saker) med to store blitsar av typen Inon z-240. Objektiva er nyttar er 60mm til makrofoto – for eksempel den rosa reka. I tillegg, for betre forstørring og auka nærgrense nyttar eg ofte ein 1.4 converter – samt eit diopter. Til vrakfoto/vidvinkel nyttar eg fisheye 10.5mm eller ei fisheye zoomlinse TOkina 10-17 mm som er litt meir fleksibel –men mindre lyssterk.
Kan fortelje mykje meir om dette – men akkurat no er eg på vei til Sverige for å dykke med små blekksprut. Berre å sei frå. Skal ta eit par dykk i Hjørundfjorden også, kanskje vert det nokre fine bilete seinare. Elles har eg mange flotte bilete frå Norangsdalen Lygnstøylsvatnet."
Heilt til slutt i sjølve saka har eg lagt til ein link (heiter det "lenke" på godt norsk?) til Lill si heimeside. Denne må sjåast.
Knut Hustad
Gratulerer (17.09.2008 kl. 23:50)
Her er det ikkje anna å gjere enn å gratulere. Vi som er litt interessert i fotografering lurer nok på, Lill, kva for utstyr du fotografere med, brukar du lys eller blitz osb.
Og - vil du ha eit nyare og betre foto av deg her på portalen hadde det vore kjekt om du kunne sende eit. Det brukte fotoet skal bli raskt utskifta.
Knut Hustad