Under er det tre foto med fjell. Som vanleg vert spørsmålet - kva heiter dei?
Kanskje veit du litt meir om desse formasjonane? Rett svar vert sett pris på, men tilleggsopplysningar gjev tilleggspoeng.
Foto 1:

Kva for fjell er dette?
Foto 2:

Kva for fjell er dette?
Foto 3:

Kva for fjell er dette?
Lykke til.

Slik ser originalfotoet på foto 3 ut. Dette fotoet er tatt frå fjellet Mannen med tele - brennvidde 250 mm - for spesielt interesserte.
Klovetinden (16.09.2008 kl. 19:55)
Vi kom til at den hadde 4+, kanskje 5-, opp fra skaret mot nordtoppen. Kort klatring. Øvre halvdel var klyving. Det er veldig vanskelig for en fjelltopp i norsk målestokk, opp letteste vei. I diskusjon om hva som er vanskeligst, kommer en fort bort i definisjon av hva er en selvstendig topp.
Svein Myhre
For vanskeleg (15.09.2008 kl. 23:41)
Håvard har rett når det gjeld Kjerringkjeften på foto 1. Midtre Regndalstind er også rett. Når det gjeld foto 2 er løysinga Klovtindane. Dei finn du mellom Kvistaddalen og Rognestøyldalen. Fotoet er tatt frå Bondalsbakken - sikkert ein uvant vinkel. Etter det eg har høyrt skal den sørlege Klovtinden, den spissen som er nærast på fotoet, vere eit av dei vanskelegaste tilgjengelege fjell i Noreg. Kan dette stemme?
Fjellet lengst vekk på foto 3 er Midtre Regndalstind, næraste nabo til Råna. Og kva stikk opp nærast? Jau, det er Fingeren, fjellet rett under Kolåstinden.
Eg trur eg har hatt med alle desse fjella på quizar tidlegare. Derfor: Gamle fjell, men nye vinklar.
Her var Håvard Myklebust best.
Knut Hustad
Quiz 2 (12.09.2008 kl. 20:15)
Solskinnshatten?
Fred Ingar Somby
Foto (10.09.2008 kl. 20:13)
Foto 1: Må vel vere Kjerringkjeften 1028 moh på Finnes.
Foto 3: Bak ser ein Midte Regndalstind 1543 moh, namnet på fjellet i framgrunnen(som kanskje er quiz'en?)er eg heller usikker.
Dette får vere mitt bidrag til quiz'en, så får eg håpe nokon andre kjem med fleire forslag.
Håvard Myklebust