I løpet av kort tid ser vi at to arrangement har blitt avlyst her i Bondalen.  Grunnen er den same for begge desse arrangementa - for lita interesse.

Av dei mange kommentarane her på Hjørundfjordportalen ser vi at avlyste arrangement likar vi ikkje.  Fleire har også spekulert på kvifor folk ikkje orkar å møte osb., men kan årsaka kort og godt vere at folk flest ikkje veit om desse arrangementa?  Ein ting er i alle høve sikkert - avlyste arrangement er ikkje gode nyhende-saker for portalen.  (det brukast store bokstavar med to ropeteikn etter?)

Eg veit at portalen her er brukt aktivt for å gjere desse arrangementa kjende og flott er det, men brukar ein berre portalen er det nok (dessverre) enno ikkje så alt for magne som for det med seg.  Sommarmånadane har nok også synt at talet på unike treff ikkje har vore så alt for høgt.  Det er nok ingen veg utanom - Møre-Nytt må brukast.

Ei annonse i Møre-Nytt kostar sjølvsagt nokre kroner, men også vi som er med i styringsgruppa i Hjørundfjord bygdemobilisering veit at lokalavisa vår Møre-Nytt vert lest av svært mange og må brukast dersom vi skal "nå ut til folket".  Erfaringa vår er også at ved annonsering får vi gjerne redaksjonelt stoff i tillegg.

IMGP7475 (Large)

Det vert aldri for mykje blest om eit arrangement, likevel er eg overraska over kor lite flinke mange er til å lage reklame/annonsere sjølv om ein legg mykje arbeid bak ei tilstelling.  Eg er t.d. kvart år overraska over kor lite flinke "Hjørundfjorddagane" er til å annonsere i Møre-Nytt den laurdagen dagane startar.  Leitar du i ei laurdagsavis finn du som oftast inga annonse om "Hjørundfjorddagane"

Bruk portalen

Sjølvsagt må også Hjørundfjordportalen - og gjerne plakatar - brukast.  Ei nyhendesak eller ein artikkel må skrivast i god tid og ikkje minst må Aktivitetskalendaren brukast.  Folk må minnast på det som skjer, men - sjølvsagt er det eit  "men" her også - ei nyhendesak, eller artikkel - må oppdaterast.

Det er nyhendesakene, eller Siste Nytt som det no heiter, som er dei viktige sakene for Hjørundfjordportalen.  Det er desse sakene som kan få talet på treff oppover og difor må desse sakene vere oppdatert til ei kvar tid - gjerne time for time.  "Dugnad på grendahuset i morgon" står det t.d. framleis på ei ei "Siste nytt"-sak sjølv om "i morgon" var sist laurdag.  Straks dugnaden var ferdig burde t.d. overskrifta vorte endra til t.d. "Grendahuset har fått nytt tak".

Hjørundfjordportalen er til for å brukast.  Likevel trur eg at det er klokt å bruke Møre-Nytt til annonsering sjølv om det som sagt kostar nokre kroner.  Kombinasjonen lokalavis og portalen er god og på den måten slepp vi vonaleg å få fleire avlyst-saker.