Fred Ingar (Somby) hadde 17 timar til disposisjon før han skulle rekke flyet tilbake til Hellas.  Kva skal ein så bruke den tida til?  Litt soving  kunne sikkert vere klokt, men ein fjelltur måtte det i alle fall vere plass til.  Valet fall på Klovtinden.

IMGP7614 kopi (Large)

Klovtinden, sørtoppen - den høgste - til venstre.

Underskrivne må vedgå at han hadde eit ord med i laget her.  Eg hadde nemleg lagt ut ein quiz her på Hjørundfjordportalen om nettopp dette fjellet - og så gjeve feil svar.  Dette visste eg nok frå før, men det måtte likevel undersøkjast nærare.  Fred Ingar meinte at eg måtte til topps for å sjekke dette - og ikkje berre nordtoppen.  Denne gongen måtte det bli den høgste av dei to toppane på Klovtinden - sørtoppen.

Turen opp til Klovtinden frå Årsetsetra i Kvistaddalen er grei.  Gå litt inn- og oppover etter råsa frå setra og ta så oppover ei bra rydda rås gjennom skogen opp til Kårstadgjelet.  Gå vidare oppover til venstre for Kopphornet - det er raskast og etter ikkje alt for lang tid er du på den lettaste tilgjengelege av dei to toppane.

IMGP7623 kopi

Flott vêr, men det er litt kaldt å stå i skuggen.  Varmare klede må på, men vågar eg dette?

Sjølv om eg har vore mange gonger på denne toppen er møtet med fjellveggen til sørtoppen nærast i meste laget.  Skal eg  kome meg opp der?  Vågar eg i det heile å prøve?  Etter litt varmare påkledning er Fred Ingar allereie på veg ned mot skaret mellom dei to toppane.  Han går så opp til det området som visstnok vert brukt som standplass og gjer seg klar.

IMGP7630 kopi Klovtinden 002 kopi

Foto til venste:  Fred Ingar gjer seg klar på standplass.  Foto til høgre(mobilfoto): Underskrivne på veg oppover, Rognestøyldalen i bakgrunnen.

Det er ikkje så mykje å seie om turen opp.  Fred Ingar klatra opp utan problem og eg kom etter.  Eg er slett ikkje nokon fjellklatrar og den som går sist opp har det stort sett greitt.  Fred Ingar har eg lært meg å stole på og ikkje minst sikringane han set fast i fjellet.  Eit stramt tau gjer alt "så meget lettere".

I sommar og no i haust har vi hatt svært så mykje godt vêr, det er stor skilnad på å gå på tørt og fuktig berg.  Vêret var godt denne dagen også, men sidan denne fjellveggen ligg i skuggesida på formiddagen var fjellet - og ikkje minst mosen - litt fuktig.  Eg innsåg der og då at no var nok desse fjellskorna mogne for  utskifting.  Slitne skosålar er sjeldan det beste.

IMGP7634 kopi IMGP7639 kopi

Foto til venstre:  Fred Ingar på veg opp.  Til høgre:  I denne fjellveggen finn ein i alle høve godt feste for ein rapell.

At Fred Ingar kom opp var ingen sensasjon, men eg for min del må vedgå at eg var svært så overraska over å stå på denne toppen.  Så overraska og stolt var eg at eg gløymde å ta av meg den stygge, grøne lua eg hadde tredd over hovudet.  Fred Ingar har allereie fått skarp kritikk fordi han ikkje ba meg fjerne lua før han fotograferte. 

IMGP7665 kopi IMGP7667 kopi

Stolt? Javisst - og litt nervøs.

IMGP7659 kopi

Men varden på sørtoppen er ikkje særleg imponerande...

IMGP7662 kopi IMGP7672 (Large)

Foto til venstre: Utsikt mot sør.  Foto til høgre: Utsikt mot nord.  Nærast ser vi nordtoppen på Klovtinden.

Rapelleringa ned att til skaret gjekk også fint - i tillegg til at det var kjekt - men slikt noko bør ikkje gjerast utan hjelm.  Eg har innsett det no.  Då vi så sat på nordtoppen igjen med brødskiva og ein god kopp kaffi i handa var tida inne for å glede seg skikkeleg.

Klovtinden 001 IMGP7673 kopi

Til venstre:  Ned mot skaret igjen.  Til høgre:  Her ser vi den aktuelle fjellveggen.  Fred Ingar gjer seg klar til å rapellere ned.

IMGP7681 kopi

Mat og kaffi på nordtoppen, så pakking av utstyr.

Vi har eit par oppdrag til som må sjekkast, m.a. må vi sjekke kva fjell underskrivne tok bilete av frå Bondalsbakken i den tidlegare nemnde quizen.  Vi konkluderte med at fotoet måtte vere eit fjellpartiet av Rognestøyldindane som vist på fotoet under.

IMGP7686 (Large)

Det var nok ein del av fjellpartiet i bakgrunnen som det  feilaktig vart opplyst var Klovtinden.

I sommar fekk også Kopphornet sin eigen varde.  Den vart bygd av Fred Ingar og kameraten Tarjei Vassbotn frå Volda. Varden stod- og står framleis den, men ein stein måtte justerast.  Dermed kunne Fred Ingar tørke sveitten og ta første fly ned att til Kreta der han p.t. held til.

IMGP7687 kopi IMGP7689 kopi

Til venstre: Litt justering av ein stein i den nybygde varden (Klovtinden i bakgrunnen), så er det berre å tørke sveitten og setje seg på flyet til Kreta.

Takk for turen.