Hjørundfjord bygdemobilisering skal på tur for å sjå korleis andre har utvikla bygda si. Det har lenge vore snakka om ei slik utreise og hausten kjem på oss, og det hastar. Vi har fått det til å passe med reise og anna og har bestemt at vi skal ta ein tur til Kalvåg i Bremanger søndag 5.oktober, der det gamle fiskeværet har fått nytt liv i det unike sjøhusmiljøet rundt vågen. Kalvågen var i begynnelsen på 90 talet fråflyttingstrua og Kalvågprosjektet byrja å sette istand sjøhusa til bruk i turistnæringa. Reiselivet blomstrar no og her er eit yrande liv med overnattingar, serveringstadar, hamneområde og handelshus.
Kalvågmiljøet har utvikla folderar som viser kva dei står for. Dette er noko vi må lære og arbeide med her i fjorden også. (klikk på bileta for å gjere dei større)
Vi har ein eigen buss på Sæbø (eller er det hjorundfjord.no sin?)med fast sjåfør, så Hjørundfjord bygdemobilisering fleskar til å leiger buss med plass til 46 passasjerar til ein søndagstur til Kalvåg. Her vert ein del ledige plassar og då ynskjer vi at folk som er interesserte i korleis bygda skal utvikle seg, vert med oss for å få nye impulsar. Kalvåg har utvikla seg etter sine kvalitetar og kan ikkje kopierast av oss, men å få sjå kva andre har fått til er viktigt.
Bussturen vil ta ca. 3 timar ein veg, og når vi kjem fram har vi bestilt middag og omvisning. Kanskje får vi butikkane til å halde ope ei par tre timar når vi er der. Dette vert det no jobba med.
Bussturen vil ta ca.3timar ein veg.
Dette er eit prosjekt i bygdemobiliseringa sitt arbeid og vert sterkt subsidert av midlane våre. For å sette ein pris har vi tenkt kr.100,- pr./person tur/retur til å dekkje busskostnader. Middag og andre utgifter under opphaldet i Kalvåg må kvar enkelt syte for sjølve.
Turen startar kl. 9.00 frå Sæbø søndagsmorgon og vi planlegg under vegs fram til søndagen korleis vi skal fange opp passasjerane frå ytre Hjørundfjord og Bjørkeområdet. Vi skal være tilbake til Sæbø før kl.20.00.
Som nemnt så er her berre begrensa med plassar og skulle her verte stor påmelding og folk er ute i god tid, så vil vi kunne vurdere å sette opp ein buss til. Dette vert ikkje aktuelt skulle ein slik situasjon oppstå, når det er berre få dagar att.
Påmelding skjer snarast til Ivar Svein Mo, telefon 90203236, SMS eller mosveise@tussa.com
Ivar Svein Mo - leiar
Kommentarar
Har dei danna eit A/S for å bygge opp turisttilbuda og for å lage til husa/budene der ute eller er det private personer som står bak.?
Med eit A/S slepp man å satse hus og heim dersom noko går gale.
Sikkert nokon som har satsa penger i prosjektet/reiselivet.
Eg trur at skal man få til noko må nokon tåre å satse litt penger som ligg botnen i prosjekta.
Då er det sikkert lettere å få tilskot til slike prosjekt.
Tålmod må man sikkert ha og då intekta ikkje kjem første året.
Brenn man for en sak så er det lettere å opne lobbeboka.
Om man legg ut 100000 til bygda man er fødd i så er man vel like fattig og rik for det.
Folk har etter det eg høyrde på radioen kjøpt aksjer for over 1 mill.
Les om Gjøra
http://www.driva.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20080701/NYHETER/785896756/1002/KULTUR
Det går an å starte opp vist folk kjøper aksjer og blir med i nye prosjekt.
Verre er det å finne ildsjela i slike prosjekt.
Men dei finnes og då må vi støtte ideaene deira.
Dumt ikkje Jorunn Sætre og nokre andre fekk bygd næringsbygget/sørvisbygget dei hadde ide om på Bjørke.
Tegninger var klare og regulert tomt var her.
Tenk vist bygget hadde stått der i dag og det kunne brukes av alle i bygda som ville starte opp med noko.
Har du lyst å oppleve denne staden som er igjenoppbygd og no ein turiststad, så ring 90203236 så skal du få plass på bussen. Dette er eit opplevelsetilbod til folk i Hjørundfjord bygdene som ein ikkje kan rekne med kjem att.
Ivar Svein Mo
Eg må seie at eg vart mektig imponert over artistlista deira til Kalvågfestivalen første helga i august.Og eg lurer fortsatt på korleis ein så liten stad kan klare å drage til seg så mykje folk at det kunne verte inntekter av denne festivalen.