Arbeidsgruppene fekk oppgåver som vi arbeidde med og la fram i plenum. Deretter fekk vi nye oppgåver. Det var ein gjevande kveld, under er notatane som vart tatt presentert:
KVA ER POSITIVT MED HJØRUNDFJORDAGANE:
- Sosial møteplass.
- Dugnad.
- Gjere innflyttarar kjende.
- Set bygda på kartet.
- Gir inntekter.
- Maten – alltid nok.
- Hovedutstillar.
- Organiseringa.
- Identitet.
- Mixen av underhaldning og utstilling.
- Utstillarar – når dei aktiviserer publikum.
- Mennekeng – når klede / motar utanfrå.
- Dei veldig lokale innslaga (barnekor, Grease, ….)
- Kjendisar
- Helikopter
- Endring – overraskingar
- Arill Riise
- Teltet
- Dyreutstillling
- Elevutstilling
- Politisk debatt
- Folk vert stolte
- ”Frihelg” – gjere noko anna
Rune Sæbønes leia engasjert idemyldringa.
KVA KAN BLI BETRE? NYE TILTAK?
Rune ba oss gjerne tenkje konsept, type utstilling, type underhaldning, lokalisering, organisasjon.
- Samarbeid med andre, td hotellet.
- Underhaldning om dagen vidareførast til hotellet om kvelden / Fellesbillett.
- Betre tilbod til alle generasjonar
- Ungdomsaktivitetar: Kapteinkvia, teltet (fredag? laurdag?)
- Vekk med ”jalla”, tivoli, helikopter, gymsalutstillinga
- Opne for utvida område, men ikkje for vidt.
- Bruk av kyrkje og presteløda, nausta
- Arrangement i sentrum
- Trandal
- Underhaldning: mix lokal / riks, god underhaldnings begge dagar.
- Trekkplaster
- Ta sjansar av og til
- Revitalisere utstillinga
- Profil på utstillinga
- Tema – som pregar heile arrangementet, td mat, dyr, …
- Tema gjev lengre og betre planlegging.
- Temautstilling: Fjell: utstyrsleverandør, flekktur, kjendis. Mat: kjendis, lokal mat frå fjord og fjell. Fotoutstilling.
- Konkurransar
- Konkurransar knytt til tema
- Bondemarknaden
- Kyrkjekonsert, kva med laurdag?
- Politikarar
- Utnytte Eiksundsambandet
- Kontinuitet i arbeidsgruppene
- Meir delegering undervegs.
- Dato? Koordinere med andre arr.
- Informasjon.
- Heimeside / portalen
- Kvalitetssikring – både tilbod og organisering
Etter det førebuande arbeidet fekk gruppene til oppgåve å prioritere mellom alle punkta som kom fram på myldringa:
PRIORITERINGAR - ALT 1
- Temautstilling
- Kvalitetsheving på utstillinga i gymsal
- Utvikle mattilbodet med demonstrasjon
- Få vekk jalla
- Samarbeid med hotellet
PRIORITERINGAR - ALT2
- Temautstilling
- Konkurranse – god tid til
- Ta sjansar av og til
- Ungdomstilbod
- Bruk sentrum, brygge, kyrkje, naust, løe
- Kvalitetssikring
- Informasjon
Koss vegen går vidare er opp til styret i Sæbø IL og den nye nemnda for Hjørundfjorddagane. Dei som kan tenkje seg å arbeide vidare med Hjørundfjordagane kan kontakte Eldbjørg Tvergrov.
Kommentarar
Skal det endeleg satsast på godt program igjen, eller skal det framfleis sparast? (Spare seg til fant)
Jallashappene skal visstnok kuttast ut, men kjem det noko anna i staden? For dei unge som møter opp er snart desse shappene einaste underhaldningstilbodet.
Og kva med neste år? Kjem det noko god underhaldning neste år? I så fall - kvifor er ikkje det nemnt i referatet? Brukar ikkje Sæbø IL portalen, eller skal vi vente med å lese det til evt. kjem i Sunnmørsposten eller Møre-Nytt?
Negativt, javisst, men eg hadde endeleg venta få ei skikkeleg satsing igjen og signal om kva retning dagane skal gå i, eller skal det verte ølteltet som bergar dagane?
Eg foreslår at på neste trening blir det satt av tid i etterkant til å gå gjennom Hjørundfjorddagane og kome med forslag. Det være seg heile konseptet eller enkeltståande idear. Dette går til alle laga i aldersbestemt klasse, samt A-laget og ikkje minst old Boys laget.... Og gjeld både fotbal og handball.
Sæbø skule har eit veldig godt utgangspunkt til gruppearbeid her - vonaleg kan skulen nytte dette til å lære elevane planlegging av større arrangement. Mykje godt arbeid - og vel meir av interesse en det som "stend i bokja". Om ein då tek med både idear og budskjettering samt visualisering så er det mykje lærdom - og moro i dette. Men resultata kan ein gi til Elbjørg T. Det vil heilt sikkert være mykje ein kan tenkje over og kanskje bruke og.
Med tanke på dei kritiske røstene som har vore kring Hjørundfjorddagane var oppmøtet svært lavt.
Kanskje skal ein henge opp ei postkasse på Bellingen - og ufordrar kaffigjengen dær til å ta opp saka og kome med innspel og.
Og ikkje minst ynskjer eg Elbjørg T. lukke til med arbeidet.
Eg, som mange andre, har vitja Hjørundfjorddagane trufast dei siste åra i eit håp om å treffe bekjente frå fjorden, men samtidig, og kanskje først og fremst, få vere med på eit underhaldane arrangement med alt ifrå helikopterturar til dei flotte utstillingane. Dette har vore eit greitt opplegg, men no er det vel på tide å finne på noko nytt? Er ikkje det eit ordtak som går slik: «Variasjon skaper motivasjon»?
Som ein annan har skreve, synast også eg at opplegget for Hjørundfjorddagane vidare verkar litt «kjedeleg», og manglar ein bit for å få den siste snerten for å bli eit meget vellykka arrangement. Som eg skreiv i ein artikkel for ei lang tid tilbake var dette med motbakkeløp eg ville prøve å drage fram. Eit lite motbakkeløp med nokre uttrekspremiar og ein liten sjekk til vinnaren er alt som skal til for at de allereie har eit kobbel av løparar på startstreken. Ein slik sjekk kan feks. vere sponsorpengar, og utrekspremiar får ein lett tak i ved dei mange butikkane i nærleiken. Kva med ein middag for to på Sagafjord? Eller eit månadskort med M/S Hjørundfjord? Med slike uttrekkspremiar kan det godt hende at det er fleire lokale som tørkar støv av god-skoen? Løpet kan ein flette inn i ein av dagane, med ei premieutdeling/fest ved salsområdet, nett som ved Småbåthamna i Ørsta under Saudehornet Rett Opp. Kvar motbakkeløpet skal gå er ikkje det viktigaste no, men å skape interesse for eit slikt løp og kanskje få til eit prøveprosjekt det første året? Barneløp opp til Olavshola, eller liknande for dei yngre er også mogleg å få til. Samtidig som det kjem løparar, dreg dei med seg tilskodarar, alt frå småsysken til bestemødre. Eg treng vel ikkje minne dykk på denne flotte naturen og fjella som vi har utanfor husdøra våra i Hjørundfjorden.
Eg kan forsikre dykk om at de allereie har ein påmeld!
Sjølv syns eg det hadde vore veldig kjekt om det hadde gått an å fått tak i ein vikingleir..
Eg synast ein skyttartevling med luftgevær hadde vore midt i blinken! Dette er jo ein type konkurranse dei fleste likar, og som er enkel og ordne. Eg kunne sjølv vore instruktør og møtt opp med utsyr! Iallefall var luftgeværskyting ein suksess på grendahuset om eg ikkje hugsar feil?