Onsdag 1. oktober kl. 17.00 vert første korøving denne hausten. Også i år vil ein halde til i kjellaren på Bedehuset. Janine Berg held fram som dirigent/ pianist og med seg har ho Camilia Jelti som dirigent/ pianist/ gitarist.
Janine og Camilia håper på mange ivrige korsongarar, både små og større jenter og gutar. Aldersblandinga på gruppa vil vere avgjerande for kva songreportoar ein satsar på, men noko sprekt noko vert det uansett.
Så ta med søsken, nabo, kammerat og veninne og møt opp på kor.
Kommentarar
Dei som møtte i dag kjem til å prøve å verve fleire medlemmar dei neste dagane. Så ein håper og trur at på neste korøving, onsdag 15 oktober, vert det fleire som møter.
Dette er eit supert tilbod/ moglegheit for dei som ikkje likar idrett, men som kan tenkje seg å vere med på "organisert gruppeaktivitet".
Vi vil oppmode alle føresette om å høyre ein gong til med barna sine om ikkje dei vil vere med på kor.