Siste dugnaden på grendahustaket vert i morgon 13.09.2008 - kl 10.30. All torva, som no ligg nede på pallar, SKAL oppatt på taket denne dagen.

Det er meldt svært gode vermeldingar og vi kan love ein arbeidsdag med dei beste forutsetningane for eit sosial treff, som vi kan ha glede av seinare i haust når vi skal ha taktekkjarfest.

Grendahusdugnad 2

Sist onsdag var det også matservering til dei 5 frammøtte. Her var det diskutert både alvor og det som var løye, så slike ykter treng vi alle. Fv.Knut Hustad, Aage Solhaug, Lars Molvær og Helge Nordang. Foto Ivar Svein Mo

Under heile arbeidsprosessen i sommar har Bondalen helselag stilt med folk som har servert kaffi, brus og mat til dugnadsgjengen, og det har fått god mottakelse. I morgon vert det ikkje noko dårlegare og denne dagen vert det også servering.


Vi håpar på eit godt frammøte og hugs at vi eig i dette huset alle saman.

Landbruksbygg AS stiller med kran, så her treng vi mykje folk til å bere unna torva, etter kvart som torvpallane vert krana på plass.

Taktekkjingsfesten vert den 25. oktober der vi skal kose oss under eit tak som vi reknar no med skal vare i minst 50 år til.

 

Vel møtt.




Helsing frå

Styret

www.grendahuset.no