IMGP7166 (Large)

Emile van Emden

I høve Sæbø IL sitt 75-års jubileum arrangerte Sæbø IL - eller skal vi seie Emile (van Emden) - jubileumsturnering i fotball for ungdom på Sæbø stadion.  Sæbø IL stilte med tre lag og trenar for det G-14 laget er Emile.  Emile har gjort ein kjempeinnsats for dette- og andre lag til Sæbø IL.  Utan tvil er han både ein god og populær trenar sjølv om han høyrest godt ved sidelinja under fotballkampar.

Men Emile ville ha meir enn fotball, han ville også ha god mat til - kokk som han er.  Emile brukte utan tvil svært mykje tid til førebuing og etter kampane var det også han som stod ved grillen.  Spelarane og vi forledre og andre fekk eit kjempemåltid på klubbhuset på laurdag.  Vi skal vere, og er, svært så glade for at vi har Emile her på Sæbø og i Hjørundfjorden.

IMGP7118 (Large) IMGP7160 (Large)

Emile - trenar og grillmeister

IMGP7161 (Large) IMGP7162 (Large)

Fagmann i arbeid

Søndag var det jubileumstur som stod på programmet.  Og kven var arrangør og primus motor her?  Sjølvsagt var det Sæbø IL som stod bak, men idrettslaget skal vere glad for at dei har ei Bodil Skare.  Når vi les om måndagstrimmen er på portalen er det oftast/alltid Bodil som skriv.

Søndag tok Bodil imot oss på skyssbåtkaia på Sæbø, Bodil fekk oss opp til sela i Bakkedalen og Bodil fekk oss vidare over Bondalsbakken og heim.  Nokre vil vel seie at ein slik tur kunne "alle" arrangert, men det må gjerast og Bodil gjennomfører med stil kvar gong.

No fekk ho rett nok litt kritikk.  Hennar kjære sambuar klagde over at ho hadde kledd for mykje på han om morgonen.  Det ordnar seg nok til neste tur.  Og så var det eitt område der ho måtte sjå seg slsått av turdeltakar Bernt Arve Hustad - han hadde langt fleire livsnødvendige "dingsar" enn henne.  Men Bodil hadde det flottaste fotostativet...

IMGP7200 (Large)

Ut på tur....  Bodil med fotoapparatet til høgre.

IMGP7214 (Large)

Johannes (7 år) kom først opp på Bondalsbakken, men det er vel ikkje så verst med ein 2. plass heller Bodil?

Det er Bodil som er sjefsfotograf også.  Det er godt med nytt fotostativ når fellesfotoskal takast.

IMGP7222 (Large) IMGP7223 (Large)

Nytt, lett fotostativ må til.

Som sagt, vi skal vere glade for dei eldsjelene vi har i Hjørundfjorden.  Og som eit lite apropos:  Her er faktisk ein del arrangemnet her i Hjørundfjorden - også med svært godt nøgde deltakarar.