Legemiddelindustrien, svenskane og finnane slest om dei gode bæra.

På slutten av 1800-talet og fram til 2. verdskrigen eksporterte vi blåbær til England, men her til lands vert dei gode bæra mange stader no ståande i skogen uten å verte plukka.

 

Blåbæra skal vere gode for mykje.

Blåbær

Dei inneheld vitaminer og fiber, dei verkar mageregulerande, dei har positiv verknad på synet vårt, er rike på antioksidantar som er gode for cellene i kroppen vår og dei skal endåtil kunne utsetje alderdomen om ein et litt kvar dag.

 

Dei gode bæra er populære blant dei fleste born.

Blåbærplukking

Her i huset har det ikkje vore skikkeleg sommar om vi ikkje har fått ete ei stor skål blåbær med melk og sukker på.

 

”I følge sagnet skal blåbæret være en gave fra jomfru Maria til fjellets barn. Da hun gikk omkring på jorda, møtte hun en fattig gutt på fjellet. Han bad henne så pent om at hun måtte la det vokse gode frukter på fjellet slik det gjorde i dalene. Da tok jomfru Maria en krans hun hadde i håret og strødde den ut over alle skoger i fjellet. Fra den tid har det også vokst blåbær høyt til fjells”.

 

Frå Besta i Bergen har vi fått oppskrift på nokre gode blåbærmuffins. Dei skal ikkje vere av dei mest usunne kakene ein kan ete, og dei er kjempegode.

 

 

BLÅBÆR- OG BANANMUFFINS

 

2 ½ DL SUKKER (gjerne mindre)

5 DL HVETEMEL

2 TS BAKEPULVER

2 TS VANILJESUKKER

 

              -

 

1 STOR BANAN – MOSET

1 DL MELK

2 EGG

½ DL OLJE

 

2 DL BLÅBÆR – friske eller frosne  (gjerne litt mer J)

 

Bland mel, sukker, vaniljesukker og bakepulver i en bolle.

Bland melk, olje, egg og banan i en annen bolle.

Tilsett melblandingen. Rør blåbærene forsiktig inn i røren og fyll i muffinsformer.

 

Stekes midt i ovnen ved 180 grader i ca. 25 minutter.

Dei siste vekene har det vorte ein del sopplukking. Kantarellane har poppa opp i store mengder denne seinsommaren /hausten.

 

Tidlegare har eg berre plukka dei eg har kome over, men i år har eg oppsøkt dei. Nye arbeidskollegaer er ivrige soppsankarar og eg har plukka opp nokre tips om vekseplassar. Det er utruleg kjekt å finne gode soppstader. Det vert nesten som ei besettelse. Skal tru om der veks sopp i den skogen der borte?

 

Kantarell

Besta i Bergen er bekymra for barneborna, men vi held oss til kantarell, dei er trygge å plukke. Gutane var med og plukka blåbær ein dag då vi tilfeldig kom over ein heksering med 3 liter flott kantarell under høg blåbærlyng.  Dei jubla og fekk steikt sopp på skivene sine til kveldsmat.

 

Kantarell 

Det seiest at soppen veks opp igjen etter nokre veker. Eg har ikkje hatt så stor tru på det, men i går kveld tenkte eg at teorien deira skulle prøvast. Utstyrt med ei stor korg (kunne jo hende…) gjekk eg av garde i sju-tida. Starta dårleg, men plutseleg var skogbotnen full av gule hattar. Fangsten vart på nesten 6 liter kantarell av heilt fantastisk kvalitet. Regnet den siste tida har verkeleg gjort sitt. Eg fekk nesten litt ”panikk” der eg plukka. Det var så mykje og det vart berre mørkare og mørkare rundt meg. For ei som er mørkredd og ikkje har lyst til å møte på hjort er det ikkje heilt A4 å gå aleine i skogen på kveldstid. Eg hadde på førehand bestemt meg for at dette var absolutt siste soppturen i år, så eg måtte berre få med meg alt eg såg. Det gjekk bra, men då eg kom ned til bilen i ni-tida høyrde eg hjort som bura ikkje så langt bak meg. Sikkert heilt ufarleg og han smakar godt til kantarellen…

Hjort

Men no er det definitivt slutt for min del. Frysaren er fylt til randen og eg overlet skogen til fuglar, hjort og jegerar.

 

Om du ikkje har kome deg ut for å hauste din del av naturgåvene er det enno ikkje for seint.

Det er gode vêrmeldingar for heile veka, men hauststormane kjem før vi veit ordet av det. Då er det godt å ha litt sommar i frysen som kan minne oss om at vinteren tek slutt ein gong.