I 2007 hadde mange problem grunna det langvarige dårleg veret, og vi kom difor mange i møte med utsett frist.
I år har tilhøva vore heilt motsette, det har vore lite nedbør og det har vore gode høve for å køyre ut husdyrgjødsla.

 

Børild Skåra

Fagkonsulent Børild Skåra ved Landbrukskontoret i Ørsta, vil i år kome husdyreigarane i møte med ein utsett frist til 15.september for å tøme gjødsellagera.(Foto Liv Bente Viddal)

For alle som driv med husdyr legg vi til grunn at:

1. All gjødsla i lagera vert spreidd om våren og mellom slåttane. Det gjev best utnytting av næringstoffa. 
2. Vidare at dei som har lite lagerplass igjen tømer lagera heilt ned - rett etter 2.slåtten. Då skal det i teorien vere nok med 8 mnd lagerkapasitet (frå august til april).

For at ein skal ha litt å gå på har vi lokalt i Ørsta utvida fristen til 15.september. I normalår vil ein då ha 1 mnd etter 2.slåtten på å skrape lagera, køyre ut silosaft, vatn frå fjøsvask o.a. Ein kan då klare seg med lagerkapasitet på 7 mnd. 

Både miljømessig, agronomisk og økonomisk er det ikkje tilrådeleg å køyre ut gjødsel om hausten. Med stadig høgare prisar på innkjøpt gjødsel er det om å gjere å nytte husdyrgjødsla på ein best mogleg måte.

Det kan berre i særlege høve gjevast dispensasjonar ut over denne datoen, då etter søknad på eige skjema.

Ved nedmolding av gjødsla er fristen 31.oktober.


Med von om ein fin haust

for Landbrukskontoret (tlf 70049610)


Børild Skåra
Fagkonsulent