Kaprifolen vi har er gamal, på dette biletet frå rundt 1960 går den oppetter stammen på syrinen
Eg har vorte fortald at Dronning Wilhelmina av Nederland brukte å stoppe for å lukte på den, kvar gong ho skulle på storholen for å male.
No luktar den like godt, både for dei med vanlig blod i årane, som for dei med blått.
Den veks oppetter strammevaieren på lyktestolpen, og heilt til topps
Både lukta og synet av kaprifolen gjer oss glade, og med ei slik historie bak, er den ekstra artig å få ta vare på.
Kva med ei kåring av finaste lyktestolpen i Hjørundfjorden, første kandidat er herved påmeldt