Mange hadde møtt fram på ettermiddagen sist laurdag for å få med seg at turstien/gangvegen på elverampa frå Hustad bru til Kvistad bru endeleg skulle offisielt opnast. Og ikkje minst; dei ville også vere med på rampemarsjen.

IMGP7481 (Large)

Det var kø ved påmeldingsbordet til "rampemarsjen"

Det er Hjørundfjord bygdemobilisering i samarbeid med Bondalen helselag som har stede bak arbeidet med å få laga ein gangveg på elverampa, ein gangveg som også rullestolbrukarar skal kunne bruke.  Det er Irene Osvoll som har vore prosjektansvarleg for turvegen og med seg i arbeidsgruppa har ho hatt Hilde Sæbønes og Mathias Aarskog.

Under opningssermonien ved Hustradbrua laurdag nytta Irene Osvoll høvet til å takke alle som har vore med på dei mange dugnadane og ho nemnde spesielt entreprenørane Ronny Aamås, gravemaskinarbeid og Kjell Otto Holen, levering av grus.   Irene meinte at dei to hadde gjort meir arbeid enn ein kunne forvente av dei ut ifrå den betalinga dei har fått.

IMGP7489 (Large)

Leiaren for Hjørundfjord bygdemobilisering, Ivar Svein Mo (med ryggen til) gav blomar til dei som hadde gjort mest for å få til turvegen på elverampa.  Frå høgre: Prosjektleiar Irene Osvoll, Hilde Sæbønes, Mathias Aarskog, Kjell Otto Holen og delvis gøymt - maskinentreprenør Ronny Aamås.

Leiaren for Hjørundfjord bygdemobilisering, Ivar Svein Mo, takka og alle som hadde delteke i dugnadsarbeidet og han nytta også høve til å gje ein kvast med blomstrar til dei tre i arbeidsgruppa og dei to nemnde entreprenørane.

Det var turveteran og altmoglegmann Andreas Hustad(86) som fekk æra av å opne "Elverampa tursti".  Det gledde han stort at denne gangvegen no var komen og han tok eit lite historisk attersyn før han klipte snora.  Andreas opplyste at han i si tid hadde vore med på arbeidet med elveforebygginga/rampa.  - Eg hugsar eg fekk 30 øre timen for arbeidet noko som gjorde at eg vart ein slik rik mann, sa Andreas og kom med sin velkjende latter.  Så klipte han snora og erklærde turvegen for offisielt opna.

IMGP7496 (Large)

Andreas Hustad gjer seg klar til å klippe snora.  Klar...

IMGP7497 (Large)

...Gå.  Snora er av og "Elverampa tursti" er offisielt opna.

Det var overraskande mange som hadde møtt fram i det fine vêret laurdag og dei aller fleste av dei gjekk også rampemarsjen.  Det var tre alternative strekningar på marsjen - fram til Rise, fram til Holebrua og fram til Kvistadbrua.  Svært mange gjekk heilt fram til Kvistadbrua og ned att til mål ved Hustadbrua - ei strekning på ca. 7 km.

IMGP7499 (Large)

Og så var det berre å legge i veg framover den flotte gangvegen.

Både unge og litt eldre deltok i "rampemarsjen", ja, nærast heile familiar stilte opp.

IMGP7503 (Large)

Det var ikkje berre bondalingar som gjekk marsjen.  Frå venstre ser vi Andreas og Anna Stokke frå Bergen.  Så ser vi Jorunn Mo, Kari Stokke og Jørgen Andreas Mo.

IMGP7485 (Large) IMGP7510 (Large)

Foto til venstre: Superturgåarane  Anders Holen(t.v.) og Hilde Sæbønes gjekk sjølvsagt "rampemasrsjen".  Det same gjorde dei tre på fotoet til høgre.  Frå venstre ser vi Hilde Muren, Alvhild Wille og Judith Aarseth.