Fase 1.- Hustad bru til Rise

Like etter det store folkemøte på Grendahuset 1.februar 2006, heldt Hjørundfjord bygdemobilisering  sitt fyrste styringsgruppemøte.Styringsgruppa peikte då ut den fyrste arbeidsgruppa. Denne gruppa skulle arbeide for å få til ein tursti frå Hustadbrua til Kvistadbrua etter elvaførbygginga Dette prosjektet har vore hjartesaka til Bondalen helselag, som er ein del av bygdemobiliseringa. Karin Frøland var då leiar i helselaget.

Leiar Irene Osvoll

Irene Osvoll har  vore leiar for "Elvarampa tursti"

Bygdemobliseringa har vore hovudansvarleg for prosjektet og styringsgruppa utnemnde Irene Osvoll som leiar for arbeidsgruppa, der ho har hatt ilag med seg Matias Aarskog og Hilde Sæbønes. Arbeidsgruppa har vore aktive og dreve fram prosessen med å få løyve frå grunneigarar og søknad til det offentlege, samarbeid med Bondalen elveigarlag og alt anna som skal til. Og ikkje minst kalla inn til dugnad med servering av mat, som er ein svært viktig og gamal tradisjon når store fellesprosjekt skal gjerast og kanskje det viktigaste at folk får treffe kvarandre og ha det sosialt. Ei arbeidsgruppe som er nedsatt av H.B. Styringsgruppa har ein garanti at dei kan når som helst søke hjelp med hovudstyre når det er noke dei treng hjelp til, og slik har det vore i dette prosjektet også.

Ei viktig oppgåve for bygdemobiliseringa si arbeidsgruppe er å få offentlege løyva og midlar på plass, før eit prosjeket startar. Og her er det sendt søknad om SMIL midlar og kva er det?

SMIL-midlane er sett av over Jordbruksavtalen, og skal gå til å fremje natur- og kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap og redusere ureinig frå jordbruket, utover det som kan reknast med gjennom vanleg jordbruksdrift. Det er Landbruksavdelinga på fylkesnivå som disponerer midlane, og dei gir kvar kommune ein årleg pott som ei nemnd bestemmer over og tildeler til årets søkjarar. I Ørsta er det SMIL-gruppa som bestemmer kven som skal få tilskot. I SMIL-gruppa er det representantar frå landbrukskontor, bondelag, bonde- og småbrukarlag, skogeigarlag og landbruksnemnd.

Som ein ser av forskrifta så skal midlane gå til landbrukseigedomar. Sidan bygdemobiliseringa har fått løyve frå grunneigarane til å gjennomføre prosjektet, så har bygdemobiliseringa fått tilskot til elvarampa.

Arbeidet starta med eit møte med grunneigarane.

Gruppa vart svært positivt motteke frå alle grunneigarane, og alle grunneigarane skreiv under, i alt 5 frå Hustad, 7 frå Rise og 1 frå Årskogane.

Etter at underskrifter var innhenta med grunneigarane til Hustad-Rise-og Årsskogane før sommaren i 06, starta arbeidet med å søkje om byggeløyve og midlar frå spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL-midlar) Landbrukskontoret invilga i juni 49.000 kroner til turstien av ei kostnadsramme på kr.122000,-.  I søknaden vart det søkt om tursti, to kvileplassar med plass til bord og benk og å bygge bru over Ferøyelva.

Etter sommarferien i august vart grunneigarane innkalla for å uttale seg og så å bestemme kven som ville ha veden frå sin eigedom sjølv. På Rise hadde grunneigarane laga sjølv ei steinbru tidlegare over Feirøyelva og dei hadde eit sterkt ynskje om at same materialet og byggestilen skulle vidareførast ved ombygging også. Dette vart imøtekome og etter eit tips frå Gunnar Stokke, som kjende til ei stor steinhelle på Halsen, kontata arbeidsgruppa Bjørg og Torstein Wist som gjerne ville gje denne hella til dette føremålet. I oktober var byggeløyve gitt frå Ørsta kommune og no kunne arbeidsgruppa gå ut å få inn pristilbod frå interesserte entreprenørar.

Etter at det vart utsending av pristilbod var Ronny Aamås og Holen Sand og grustak AS heilt klar vinnar

Etter å ha kontakta interesserte entreprenørar, var det Ronny Aamås som driv Aamås maskin, som hadde det beste tilbodet i gravingsarbeidet, og Holen Sand og grustak AS som leverandør av grus, og stein til muring.

 

Dugnadsstart Hustad bru_1

Mange møtte til startdugnaden den 9.9.06

 

No starta det praktiske arbeidet og det kunne kallast inn til dugnad.

På laurdag 9.september i 06 arrangerte Bygdemobliseringa dugnad for å lage turveg langs elva frå Hustadbrua til Rise. Mange møtte opp, og det vart registrert 22 frammøtte etter ei stund, og stemninga var god. Endeleg kunne vi få begynne med praktisk arbeid. Utpå ettermiddagen, etter ein fin matpause på idrettslagshuset, var i grunnen grovarbeidet gjordt og no var det oppryddig og finpussing før gravemaskina kunne ta til. Etter siste finpuss frå dugnadsgjengen starta Ronny på gravearbeidet i slutten av oktober, og etter vel ei veke var jobben gjordt med bru over Feirøyelva.  I begynnelsen av november var gravearbeidet ferdig og grusing kunne startast.

Ferøyelva sett frå Storelva Feirøyelva nedanfor Rise_20061003_ Red_1

Feirøyelva sett frå Bondalselva og hovudvegen før ombygging.

Ferøyelva. Andreas var flittig på besøk_1 Ronny ferdig med brua

Andreas Hustad besøkte daglig anleggsområdet og gledde seg storleg over utviklinga. Th. Ronny Aamås er her akkurat ferdig med steinbrua.

Det lysnar på rampa til Rise

Det lysnar i skogen.

Laurdag 11.nov. vart Hjørundfjord bygdemobliserings fyrste store prosjekt, tursti Hustadbru – Rise ferdiggrusa, og dermed vart anleggsarbeidet avslutta. Dette er godt døme på når bygdafolket, grunneigarane, lokale entreprenørar og dei offentlege ser kor viktigt det er å samarbeide og at trivseltiltak er avgjerande for at her skal være busetning og tilflytting av nye til bygda. Bygda har no synt at vi vil ikkje ha stivbeinte reglar som førar til attgroing og mistrivsel. For at folk skal trivst, må der finnast ein balanse mellom miljøet i elva og langs elva og folk har krav, som alle andre, å få pleie skogen rundt der dei bur.

Fase 2.  Rise- Kvistad bru

Arbeidsgruppa sette igong strakst over nyttår med å kontakte grunneigarane vidare frå Årskog til Kvistadbrua. Her vart det også møtt med berre velvilje og  2 grunneigarar frå Årskogane og 4 grunneigarar frå Mo, 8 grunneigar frå Holen, 3 grunneigarar frå Aklestad og 1 grunneigar frå Frøland gav løyve til å lage tursti på deira eigedom.  

Søknad om byggeløyve vart sendt Ørsta Kommune og ut på våren vart det sendt ny søknad på SMIL midlar og i slutten av juni 2007 fekk bygda kr.87.200,- av eit kostnadsoverslag på kr. 218.000,- Det vart no vidare sendt ut brev til firma, lag og organisjonar og næringsdrivande som vi kunne tenke oss ville ha interesse i rampa. Vi grunngav henvendelsen vår ved at:

Turstien er eit døme på trivseltiltak, men kan også verte svært viktigt i eit sysselsetningstiltak når ein ynskjer å få turistar på hotellet og besøkande til bygda. Dette kan gje næringsutvikling for handelstanden og Taxi då Sæbø vert meir atraktivt. Her kan også gje grunnlaget for ei  guida rute ligge, og turstien fram langs elva og nedatt gjennom gamle Rise kan verte ein viktig start på ei ny tid for besøkande og fastbuande.Turstien er grusa med eit topplag som gjer den egna til rullestolbrukarar og dermed  kan den brukast av Sjukeheimen til sine.

 

 Det kom inn mykje i gåver og  dette var ei stor oppmuntring for arbeidsgruppa. Mellom gjevarane finn vi lag og organisjonar og næring som ser nytta i eit slikt prosjekt.

Gjevarar av pengegåver til turstien:

Smil midlar 49000+ 87200

Sparebanken Møre  kr 20.000,-  + annonsestøtte + 2 sekkar + 2 drikkeflasker + 2 refleksvestar

Bondalen Helselag kr 7500,-

Bondalen Bygdekvinnelag kr 1.000

Hjørundfjord Fjordservice 1.000

Hjørundfjord Bondelag  4.000

Møre Nytt 1.000

Cruiseservice kr 2.000

Bellingen kr 5.000

Hjørundfjord kulturvernlag 3.000

 

Vi har og fått gåver til bruk til oppslagstavler frå sogelaget, men dei pengane er øyremerkt til oppslagstavler og er ennå ikkje laga.

Steinhelle frå Bjørg og Torstein Wist

Ein del stein frå Holen Sand og grustak AS + køyring

Stor innsats frå grunneigarane og andre med traktor til rydding av skat og køyring av veggrus.

Bygdemobiliseringa har gitt støtte til gebyr og dugnadsmat.

 

Arbeidsgruppa var optimistar til våren 2007 og hadde som mål at rampa skulle ryddast og verte ferdig til sommaren, men Ørsta kommune hadde ikkje kapasitet til å behandle søknaden vår.

Dugnadmat i regn hausten 07_1 Dugnadsmat i garasjen på Holen 07_1

 1.september 07 var det dugnad og det regna som berre det.Her har gjengen trekt inn i verkstaden til Holen Sand og grustak As for å søke ly.Bilete tv. Åge Osvoll, Gunnar Stokke, Ståle Walseth, Jostein Koppen og Bernt Arve Hustad. Bilete th. Matias Aarskog, Rut Pedersen, Hilde Sæbønes, Alvhild Wille og Kenneth Hustad

Arbeidsgruppa med Irene i spissen gjekk på med nytt mot og ville verte ferdige med prosjekt ”Elvarampa tursti” og pris frå entreprenørar vart no innhenta. Nok ein gong var det vår dyktige ”rampegut” Ronny Aamås som kom med beste tilbodet. Vi er overbevist om at årsaka til at han er billigast er fordi ha er særs dyktige og har ei svært positiv haldning til slike trivseltiltak og har lagt inn evnt. tap i tilbodet som dugnad. Men som vi har opplevd så har Ronny utført  arbeidet nokolunde etter sine beregningar og dermed kome nepå føtene, utan noko tap, til glede for Bygdemobiliseringa.

Folk ville at noko skulle skje i bygda og grunneigarar og andre bygdefolk begynte å rydde og gjere klart på rampa i håp om at dette skulle gå raskt i orden med kommuna. Ørsta kommuna skuffa utover våren og sommaren og sjølv etter utallige telefonar og mas, så skjedde det ikkje noko med søknaden vår, og dette sleit på arbeidsleiar og leiaren i Styringsgruppa. Ut på hausten vart det endeleg bevegelse i saka og Vegvesen og  NVE måtte inn som høyringsinstans og dette gjekk svært bra. Etter at NVE sende overingeniør på synfaring, fekk vi den beste uttale om kor positivt dei såg på at folk tok i bruk elvarampa og opna opp skogen. Dette gjorde deira tilsyn med elvaforbygginga lettar. Vegvesenet hadde heller ingen innvendingar til prosjektet og no kunne Ørsta kommune gjere ferdig søknaden. Etter at det vart gjeve dispensasjon frå komuneplanen sin 50 meter sone langs elva, kunne den endelege løyve gjevast om byggestart, i begynnelsen på desember 07.

 

Våren 2008 gjekk dugnadmannskapa på att med godt mot og no skjedde det fort.

Etter at rampa no var rydda for skog kom Ronny på plass med maskiner og i slutten på april 08 var vegen sletta og klar til grusing.

20080422_2031_1

22.april 2008 var Ronny komen fram til Aklestad.

Den 26.april var traktorar med tilhengarar klar og i grushola ved Holen Sand og grustak AS sat Gunnar Stokke klar i hjullastaren og lasta sand på hengarane. Ei heil skutelast gjekk ut frå grushola denne dagen til rampevegen. Matserveringa til dugnadsgjengen stod arbeidsgruppe føre og sytte for ei triveleg ykt til alle.

Seinare på sommaren kom muring av fundament på brua på plass, og bygging av trebru over Kvennagrova til Aklestad. Sluttdugnad vart halde i august der siste topplaget vart påkøyrd.

elve rampe brua 003_1 Brua over Aklestadgrova

Aage Osvoll og Arstein Aklestad på bilete. Gunnar Stokke var også med som brubyggar. Th. Ser vi den nye brua over kvennagrova til Aklestad.

Det stend no att på sjølve prosjektet å skaffe stolar og bord på kvileplassane, og å sette opp rekneskap og timesliste for dugnadsgjengen som har delteke. Etter at det tekniske no er på plass, vil arbeidsgruppa gå ut til lag, organisjonar og sponsorar for å utsmykke og tilplante sitje/kvileplassane. Her vil nok Bondalen helselag ha eit ord med i laget og vi veit då at det er i dei beste hender for alle. Ei høgtideleg opning vert gjordt når dette er på plass til våren.

 

Oppstart. haust 2006 - ferdig haust 2008

 

Gjennom dette prosjektet har vi fått fram det aller beste bygda har å tilby av menneskjelege resurssar. Alle som har vorte kontakta har vore positive og gjordt ein innsats dersom dei har kunna. Det har ikkje vore tendens til noko slags tilspissingar av noko slag.

 

Bygdemobiliseringa takkar alle som har delteke i dette store arbeidet med personleg innsats og gåver. Dette er noko som heile bygda vil få glede av i mange år framover!

 

Ivar Svein Mo – leiar Hjørundfjord bygdemobilisering