Sæbø grendalag arrangerer seinsommarfest i Bondalsparken/grendahuset
LAURDAG 06.09.2008.
Dørene opnar kl 21, og Black Sheep spelar frå kl 22 til 02.
Aldersgrense frå 10.klasse og oppover.
Billett kr 150
Påmelding skjer ved innbetaling på Bellingen, der du skriv deg på liste med namn og telefonnr. Påmeldingsfrist: 30.08.2008
Vi må ha minimum 80 påmelde for å arrangere. (Elles refusjon av billettar)
Matsal
Inntektsoverskotet går til grendalaget sitt arbeid for utvikling av nærmiljøet :)
Avlyst fest (02.09.2008 kl. 23:30)
Nei, det vart dessverre ingen fest....
Sæbø Grendalag
fest eller? (02.09.2008 kl. 21:05)
Blir det fest? Det håper eg at det blir, for dette kan verte artig! Her i Gausdal er det ofte slike grendafester, ikkje alltid med like mange folk, men fest er det likevel : )
Vibeke Mo
Kva ynskjer vi i bygda? (02.09.2008 kl. 15:08)
Sæbø grendalag som er ein del av bygdemobiliseringa og er laget som står for trivseltiltak og utvikling i Sæbø sentrum. Denne helga har laget invitert til fest på Bondalen grendahus eller i Bondalsparken dersom det vert fint ver.
Folk i fjorden er enige om at skal vi ha trivsel og busetning i fjorden så må vi ha eit Sæbø sentrum som er atraktivt for fastbuande og tilreisande.
Skal laget kunne gjennomføre denne festen må minst 80 melde seg på, for her er det snakk om kostnadar til mat og underhaldning for ellers går det med underskot, og det har ikkje grendalaget midlar til å dekkje opp, og samtidig så er hensikta med festen vekke då målet er å få midlar til ein ellers pressa økonomi.
Målet som bygdemobiliseringa hadde når vi starta var få eit betre sosial og betre samhald i bygda og å snu handel og arbeidskøyring til bygda, og ikkje ifrå.
Dette initiativet som vi ser her er midt i blinken og ved å melde seg på, så støttar ein ei sak som vil gagne heile fjorden.
Folk frå Norangsfjorden til fremste Bondalen og alle andre er inviterte her.Unge og gamle! Etter det vi forstår så er der ikkje noko grense kven som kan få delta. Skulle vi få besøkande frå andre kantar så ville det være svært kjekt.
Styret i grendalaget held møte ikveld og det er ennå nokre timar å avverga at festen vert avlyst pga. dårleg påmelding. Når eit band som held på å arbeide seg opp til å verte eit ettertrakta danseband tilbyr seg å spele, skulle grunnen vere endå viktigare for å omgåande bestille plass.
Kvar enkelte har sjølve ei viktig oppgåve i ei bygd for å skape trivsel.Dette er ikkje noko ein kan rekne med at alle andre skal ordne.
Dei har bedd om synspunkter til ein slik fest, men folk har svara med tausheit og det er eit dårleg teikn.
Ring Bellingen- 700 40280 og meld deg på omgåande. Viss det er snakk om folk frå Norangsfjorden eller andre bygder så kan bygdemobiliseringa ordne med skyss. Dette er ei viktig sak for heile fjorden.
Håper vi møtast i Bondalsparken på laurdag!
Ivar Svein Mo
Hjørundfjord bygdemobilisering
Billetter (30.08.2008 kl. 21:27)
Billetter er og få kjøpt framleis på Bellingen med utvida frist til tirsdag 2.september.
Sæbø Grendalag
Navn (29.08.2008 kl. 20:49)
Vi har gløymt og skrive navn under desse kjekke karane!Til venstre har vi Joakim Pettersen frå Volda på Elgitar,Øverst Tom Andre Holen frå Sæbø på bass,fremst Øystein Nybø frå Åmdalen på trommer, bak til høgre Svein Ivar Holen frå Sæbø på gitar/vokal, Sigurd Nybø frå Åmdalen trekkspel/vokal,og Arnt Egil Brautaset frå Sæbø var ikkje til stades, Gitar/Vokal.
Sæbø Grendalag
vi minnar... (28.08.2008 kl. 18:47)
om fristen for og kjøpe billetter er laurdag 30.August, vi er avhengig av og ha 80 betalande for og arrangere festen, så ta turen til Jon Arne på Bellingen og få deg ein billett,får vi til dette tenker eg vi får ein flott kveld i lag alle sammen.
Sæbø Grendalag
Skynd dere!!! (24.08.2008 kl. 20:12)
No må dere skynde dere å melde dere på. Det e under ei veke igjen til fristen går ut. Kom igjen, godt folk, så fe me oss ein super fest alle sammen!!!
Marianne Holen
Kva med ein velkomstfest? (23.08.2008 kl. 14:20)
Det har kome fleire nye som tilflytta til bondalsområde i det siste, og lite kjenner vi til dei. Kva med å invitere dei til ein folkefest og presentere dei for bygdefolket med litt stas den fyrste timen. Fleire av dei er utlendingar og vil sikkert sette pris på å kome i kontakt med bygdefolket. Bygdemobilisringsprosjektet betaler med glede utgifter til blomster og helsingar.
Ivar Svein Mo
;) (21.08.2008 kl. 18:15)
Vi i styret håper på at mest mulig folk tek turen,
så vi får ein hyggelig kveld. Vi har valgt grendahuset denne gangen, då er vi ikkje så Vèravhengig.
Synnøve Mo
Kjempeflott!!!! (21.08.2008 kl. 08:40)
Signerer Wenche! Meld dokke på!!! Kjempeflott tiltak!!!
Therese Lystad Holen
POSITIVT:) (20.08.2008 kl. 10:28)
Ditta va jammen kjekt:) Håpe folk stille opp !!!Kryss av på kalenderen og puss danseskoa:)Kjekt når folk lager til slikt for oss andre !!!
Wenche Strand