IMG_0191 

 

Sidan den mykje brukte turstien langs elvarampa no er ferdigstillt, og Sæbø idrettslag feirer 75 år i år, slår vi til å arrangerer ein turmarsj.

Vi møter opp ved småbåthavna kl. 15.00 der det vil vere ei høgtideleg markering av åpninga av Elvarampa tursti. Umiddelbart etterpå startar turmarsjen,

Dette er eit reint trimopplegg uten tidtaking, det vert start og påmelding ved Hustadbrua. Den kortaste løypa går til Rise og nedatt og passar fint for dei minste. Den andre løypa går til Holebrua, der ein snur nedatt. Dei sprekaste går heilt fram til Kvistadbrua før dei snur.

Målområdet er ved småbåthavna der vi feirer med servering av kaker og noko å drikke. Det vert salg av pølser og brus.

Deltakaravgifta er kr. 20.- pr person, og det vert ei trekking av flotte gevinstar blant deltakarane.

Dette er meint først og fremst som eit sosialt tiltak, så ver velkommen til

RAMPEMARSJ 2008

 

Helsing frå Hjørundfjord bygdemobiliseing og trimgruppa i SIL