Klar til sjøsetting: Roger, Kathrine, Malene, Kaisa, Kristine, Hilde, Maren, Elisabeth, Sunniva og Bente
Trenar Roger Holen var smart og benytta sjansen til å finne eit alternativ til vanleg fotballtrening då Sæbø ungdomsskule lånte kajakkar. Han hadde sjølv prøvepadla og meinte dette måtte vere midt i blinken for jentene.
Snart aula det av raude kajakkar på Vatnevatne!
Malene, Maren, Else Marie og Kristine syns paling er kjempekjekt! Som vi ser har Roger full kontroll.
Kaisa og Kathrine.
Det var vanskeleg og padle i takt difor fekk alle prøve både åleine og to i lag..
Liv Grete, Torill og Roger.
Heilt yppeleg ver for padling!
Sjølv sat eg trygt og tørt ombord på ein flåte.. Oddbjørn Brekke heiste flagget for anledninga, flott kva?
Elisabeth, Maren, Malene og Kristine har fått dreisen på kajakkane og held god fart.
Etter padlinga er det ein fortjent matpause med spidding av pølser og anna godt.
Elisabeth, Liv Grete, Roger, Torill, Kaisa, Ingeborg, Sunniva og Hilde. Heidi bak.
Elisabeth, Hilde og Bente.
Flåten måtte naturlegvis også prøvast!
På land kunne vi berre konstatere at det er ein flokk med utruleg kjekke jenter vi har. Vi høyrde kor dei flira og kosa seg der dei sigla inn i solnedgangen!
Kommentarar