
Som kanskje mange har sett så bur det nokon i det gule murhuset fremst på Tryset, men det er kanskje ikkje så mange som veit kven dei er. David (27) og Michele (25) Walther kjem frå Lutherstadt, ein by med 50000 innbyggarar 15 mil sør for Berlin.
David arbeidar i Elektroservice, medan Michele arbeidar i Posten.
På spørsmål på kvifor dei valde å kome nettopp til Bondalen svarar dei at David har vore her på ferie fleire gonger og likte seg svært godt blant fjella, fjorden og den fine naturen. Derfor valde dei i 2006 å seie opp jobbane sine i heimbyen og flytte til sunnmøre. Dei budde først ei stund i Ørsta, men ville bu nærare Hjørundfjorden og enda dermed opp på Tryset. No er dei på husjakt, då dei ønsker å kjøpe sitt eige i staden for å leige.

17.august fekk dei seg altså ein fin lita jente, deira førstefødde. Ho var 47cm lang og 2690g.
Hjørundfjord bygdemobilisering gratulerer så mykje, og ønsker samstundes lykke til med huskjøp.
Killebukkane....... (21.09.2008 kl. 19:50)
Eller mora til ho Solveig svara nei
og alle killebukkane dei sprang sin vei.
Sølvi Britt Skylstad
Nye versonar; (21.09.2008 kl. 19:43)
Barna endar ofte det verset med;"dei klappa seg på rompa og sa;ha-ha-ha. Eller: "mora til ho Solveig ho svara nei, og alle killebukkane dei vart så lei."
Unn Frøland
Fire føtter. + to til. (21.09.2008 kl. 16:27)
Vier Fusse gross bis mittelklein
gingen lange Zeit allein.
Jetzt gehen bald auf Schritt und Tritt
zwei winzig kleine Fusse mit.
Så et norsk barne vers:
Alle killebokkane på haugane sprang
Spurte om ho Solveig var heime.
Mora til ho Sølveig svart ja
og alle killebokkane dei blei så glad.
Er dette fra Hjørundfjorden ?
Sølvi Britt Skylstad
(28.08.2008 kl. 00:47)
Gratulerer så mykje med jenta og velkomne til bygda! Og takk til Linda som laga ein artikkel om det - alltid kjekt å lese slikt nyheitsstoff! Helsing Vibeke som bor i Gausdal ved Lillehammer men kjem frå Sæbø : )
Vibeke Mo
Gratulere!! (26.08.2008 kl. 13:46)
Hei, og gratulere med den søte jenta deres. Født på samme dag som sønnen vår også ser jeg. Håper dere får det fint her på Sæbø, kjekt med nye unge folk her.
Lykke til videre iallefall som husjegere og ikke minst som småabarnsforeldre!!!
Marianne Holen
Til lukke (26.08.2008 kl. 13:16)
Hjartelege gratulasjonar her nede frå Sæbø sentrum. Om de ikkje skulle vita det frå før, så gjer eg merksam på at eit hus er til sals her i Øyragata.
Kari Hame
gratulerer:) (26.08.2008 kl. 10:30)
GRatulerer så mykje med jenta og velkommen til bygda våra:)Og takk for straum til kjøkkenet våra David!
Synnøve Mo
(25.08.2008 kl. 23:05)
Gratulerer så mykje med jenta! =)
Tor Eirik Trandal
Rykter har eg høyrdt... (25.08.2008 kl. 23:03)
Først gratulere til mor, far og born!
Eg vonar de finn hus på Sæbø/Bondalen der de vil vere hjarteleg velkomne!
Helge Strand