Styret i Grendalaget la opp til ei tilskiping utan for mykje detaljstyring. "På sjølvstyr" vart det likevel ikkje. Aktivitetane måtte samordnast, på Grendahuset skulle det serverast kaffi, brus, pizza og pølser og mange spørsmål dukka opp etter kvart. Styret kan sjå tilbake på ei vellykka langhelg med blide deltakarer som stråla om kapp med sola.
Styret i Urke Grendalag foretok siste finpuss av programmet onsdagskvelden. Søndagskvelden kunne dei puste ut etter ei travel, men vellykka samling. Frå v.: Kåre Myklebust (vara), Johan Arnt Leknes, Dorit Rønning (leiar), Kåre Jon Berg, Eldrid Øye og Nelly Urke. (Foto: Per Urke (PU).
Eit tilbod som samla nær 40 deltakarar var heildagsturen til Underverket ved Steinreset, inst inne i Langsæterdalen.
Så er vi framme ved Underverket. Folket tittar ned i den djupe sprekka som er eit par meter brei og mange meter djup - tvers gjennom det massive granittberget. (Foto: PU)
Fire medlemmer frå Ålesund og Omegn Geologiforening møtte fram og ga gode forklaringar på dette merkelege fenomenet - ei lang grop med kalsitt / kalkstein. Det er ikkje ein uvanleg bergart, men plasseringa er spesiell. Underverket er vanskeleg å finne og sjøl lokalkjende veit knapt kvar det ligg. Ein må nesten snuble over sprekka som går mange meter nedover. Helge L. Urke viste veg og hjelpe til.
Helge L. Urke brukar hammar og meisel for å løyse ei kake med krystallisert kalsitt frå fjellveggen. Ein av medlemene i Ålesund og Omegn Geologiforening følgjer med og gir råd. (Foto:PU)
Deltakinga frå inviterte medlemer i Ålesund og Omegn Geologiforening ga eit fagleg styrka innhald på turen til Underverket.
"Sjefsgeologen" Einar Fivelsdal t.h. i framgrunnen i samtale med Per Urke. I bakgrunnen ser vi deltakarar frå Mauseidvåg, Molde, Ørsta, Urke og Sykkylven - alle med tilknytning til Urke. (Foto: Kjell Rønning)
Og her er ei lita samling av krystallisert kalkstein. (Foto: Kjell Rønning)
I nedste enden av den opne gropa leier eit hol vatnet ut og ned i "avgrunnen". Kastar ein stein ned i, høyrer ein den fell mange meter nedover. Vi hadde med eit sterkt fargestoff som vert brukt ved vasslekasjar i vassverka, blanda det med omlag 100 liter vatn og rende det ned i holet.
Her står Helge i nordenden av ei av dei djupe kløftene, klar til å tømme fluoriserande grønfarga vatn ned i holet i botnen. (Foto: PU)
Så er det berre å begi seg på heimvegen. Vi var spent på om vatnet ville dukke opp i Isavatnet eller i Norangsfjorden.. På biletet nedanfor ser vi tvers over Isavatnet, og kva er det som kjem ut av enden av Underverket?
Maksimer biletet og titt på den intense grønfargen i øvre del og litt til høgre for midten! Dette er nok oppkoma der vatnet vi sende ned i avgrunnen i Underverket dukkar fram igjen! (Foto:PU)
Ein sju-timars tur, lett for dei aller fleste, kan gi oss innsikt i eit "naturfenomen" han gamle Nes-Fredrik på Urke fann fram til og kalla Underverket.
Samstundes foregikk det ulike aktivitetar nede i bygda:
Det nye kraftverket på Urke presenterer seg som ein vel gjennomtenkt bygning og glir godt inn i heilskapen. Tussa Kraft er eigar. Til venstre ser vi det kunstige fossefallet med gangveg under/bak. I bakgrunnen ruvar Saksa. (Foto: PU)
Adm dir. i Tussa Kraft, Elling Dybdal innleia ekskursjkonsøktene på kraftverket med ei grundig orientering om bakgrunnen, utbygginga, utforminga av bygget og kapasiteten. Nær 2000 husstandar vil få elektristeten frå Urke Kraftverk. Terje Viddal, Tussa Kraft, sytte for puljevis omvisingar.
Kirsti Urke frå Sykkylven var så oppglødd for det ho fekk med frå orienteringa og omvisinga at ho ga ein flott rapport på Grendahuset om kvelden.
"Eit vakkert bygg", er Kirsti Urke si vurdering av Urke Kraftverk. (Foto:PU)
Fiskekonkurransen vart avvikla frå kaia, frå flytebryggjer og frå båtar. Det er særleg dei yngste deltakarane som viste stor iver. Rekordfangsten var på nær 30 kilo samla vekt. At ein makrellstim plasserte seg ved kaia hjelpte godt på resultatet.
Nokre deltakarar tok pause, medan Madeleine fiske heile konkurransetida. På kaikanten står frå v.: Kristianne Berg, Madeleine Berg, William Fiskerstrand, Sofia Bjørdal, Helena Fiskerstrand, Fredrik Fiskerstrand, Sondre Urke, Stian Berg. Stefan Bjørdal bak. (Foto: Janine Berg)
På tilstellinga på Grendahuset fekk dei to beste i kvar klasse premie. Kåre Myklebust hadde ein stor jobb med å vege opp omlag 100 kg. fisk, det meste makrell og sei.
Her er vinnarane: Frå v.: Hege Brunstad, 2. pr. fisking frå båt, Eiliv Klokk, 1. pr. i både fiskemengde og største fisk frå båt, Madeleine Berg fekk 1. pr. i både fiskemengde og største fisk frå land, Stian Berg fekk 2. pr. for fisking frå land. Maren Urke er ikkje med på biletet. Ho fekk premie som yngste deltakar (4 år) med fisk. (Foto: Janine Berg)
På Gamleskulen hadde Torbjørn Urke rigga opp det velkjende stjernetelet / planetariumet. Han hadde fullt hus (25 delt.) på kvar av dei 3 framsyningane og det vart etterlyst fleire. Kanskje neste år?
Om kvelden vart det på Grendahuset rikeleg tid til prat, premieutdeling, allsong og ei rekkje andre innslag. I tillegg til ein fullsett sal inne, var det rigga opp to store selskapstelt som Grendalaget har skaffa for anledninga - og seinare høve.
Søndag var det tur i Leknesdalen med ei solid gruppe, både store og små:
Namnesteinane, i tillegg til bjørnehiet, i Leknesdalen skaper alltid interesse. Med ein skarp gjenstand rissar ein namnet inn i olivinsteinhellene. (Foto: Kjell Rønning)
Urke Grendalag kan sjå tilbake på eit vellykka arrangement gjennom langhelga. Veret viste seg frå si beste side. Så vil tida vise om det på nytt vil dukke opp fleire slike tilskipingar...
(Klikk på bileta om du ønskjer stor utgåve!)
Kommentarar