Vi har presentert opplegget for URKE-HELGA før, men vi legg inn annonsa frå Sunnmørsposten 31. mai:

Annonse 1

Når du klikkar på annonsa, får du den i leseleg utgåve.

Vi merkar oss at Urke Grendalag i år tek hand om Urke-helga og dei legg opp til eit enklare opplegg enn det som vart gjennomført i fjor sommar.  Det er ikkje påmelding og heller ikkje same grad av matservering med middag, men noko enkelt å bite i, vil nok ordne seg. Butikken har ope til kl. 18 laurdag ettermiddag.

Opplegget skal gå på "sjøl-styr", blei det sagt, men det er nok ikkje heilt rett. Dorit Rønning, leiar i Grendalaget, kan fortelje at styret og underkomitear har jobba med saka fram over vinteren og våren. Det er ikkje inngangspengar. Betal for evt. mat du kjøper, ev. båtleige.

Fredagskvelden vil det bli ei uformell samling der ein går gjennom programinnslaga og gjer dei siste førebuingane.  Dei som stiller opp, vil bli utfordra i møtet - (work-shop på "fint") - til å vere med å utforme programinnslag for laurdagskvelden og vere med på gjennomgang av siste finpuss av programmet for laurdag og søndag.  Påmeldingaplakatar til aktivitetane og orienteringar vil finnast som oppslag på Grendahuset.

Det å møtest, snakka saman og oppleve at ein høyrer til, var eit motto for Heimkome-helga i fjor. Same formål og motto må gjelde for komande Urke-helg.

Vel møtt på Urke!

Vi har presentert eit par av innslaga tidlegare på portalen og her er linkane:

"Underverk"-turen m/ kart:

http://www.hjorundfjord.no/?komponent=artikkel&handling=les&artikkel=1766

"Ein halvtime under stjernehimmelen med Stjerneteltet:

http://www.hjorundfjord.no/?komponent=artikkel&handling=les&artikkel=1764

Videre er det omvising på det nye kraftverket som har produsert elektrisk kraft sidan tidleg i sommar.

Nytt kraftverk

Ein representant frå Tussa kraft AS, truleg Terje Myklebust, orienterer og viser rundt - inne og ute. Husk å få med turen under fossen, sjå biletet. Legging av nedgravd rørgate frå Myrsætra til Nilsagarden (over 3 km) og bygging av inntak på Myrsætra og stasjonen i bygda har gått unna på omlag eitt og eit halvt år.

Fiskekonkurransen brukar å ha fleire klasser og det er ikkje alltid slik at det berre er største fangst eller lengste eller tyngste fisk som blir premiert. Det kan like gjerne vere den minste fisken eller den uvanlegaste? Vi får sjå kva komiteen lanserer. Det er antyda at Grendalaget stiller med flotte premiar. Det kan fiskast frå leigd eller eigen båt eller frå land. Hovudbasen for konkurransen blir Urke kai ved småbåthamna. Vinnarane blir presentert laurdagskvelden på Grendahuset.

Småbåthamna

Småbåthamna aust for kaia.

Søndag kan det bli aktuelt å samle folk til tur i Leknesdalen (sjå oppslag) for å titte inn i Bjønnahiet og sjå og høyre om dei gamle sela på denne vårsætra for Leknes og Urke:

Bjønnahiet

Skal tru om bjønnen ligg der endå?

Veit du forresten at seterjentene var så misfornøgde med dei gamle selbygningane at dei reiv ned det eine siste sætredagen i 1908! Det var tak i Urkejentene den gongen og. Dermed måtte karane rykke ut og bygge nytt sel og det er murrestane av det siste vi ser her:

Leknesdalsel

Frå Leknesdalen mot Bondalen

Søndag kan det og bli ein fin tur til Haukåssætra. Det kan brukast bil, men det er kjekkare å gå! Haukåssætra vart i år lansert som kandidat til Godt Vern prisen 2008, men det var (som vanleg) restaureringsarbeid i Storfjord/Geirangerfjord som gjekk av med sigeren. Men Haukåssætra er presentabel likevel:

010(2)

Haukåssætra, kjent frå TV-produksjonen "Den store hesteferda".

VI SJÅAST !

Dersom det er noko du lurer på, skriv inn kommentar eller kontakt oss på andre måtar!