Eit
kompani på fem musikarar med John Inge Leira Bjøringsøy i
spissen, hadde hatt tilhald på Leira medan dei øvde i dagane
før konserten. Det heile starta med tonane frå kyrkjeklokka og det
barst direkte igong med atmosfæriske "Vår Herres Skosyl"
med Ingrid Vik Henriksen på en deilig vokal. Denne gjekk direkte
over i låta "Dorg". Bjørkefolket svikta ikkje og
det var til tider vanskelig å få parkert. Underteikna hadde sjølv
problem med komme fram til bilen etter showet. Det kan vel seiast at
det kan ha med at parkeringsplassen ved kyrkja ikkje er så stor. Det
var kanskje eit noko meir tilårskome publikum enn eg hadde rekna
med, særleg i forhold til den unge alderen på musikarane. Vi hadde
så klart baktankar med vitjinga i eit håp om å få treffe på
nokre kjekke Bjørkejenter, utan at det lukkast. All musikk, utenom
avslutningsnummeret "Sjå bygda vår"(melodi Amazing
Grace), var utelukkande komponert av John Inge Leira
Bjøringsøy. Arrangementa var imponerande kreative og bra
gjennomført, frå eit band som virka samspelt og trygge. Dei første
fem låtane var veldig behagelige og flytande, med referansar til alt
ifrå kirke- og folketonar, eksotisk Tord Gustavsen, til meir
nordiske jazzharmoniar frå seinare år. Rett og slett avslappande.
Det virka særleg godt på Yngve. Eg likte veldig godt måten låtane
var bygde opp på og dei ulike partia hang ihop på ein veldig
saumlaus måte. Dei brukte også soloinstrument eller samspel mellom
to instrument som ein veldig fin kontrast til fullt band. Dette og
dei mange lydane og teknikkane dei brukte instrumenta sine på gjorde
konserten variert og bidrog til å halde på oppmerksomheita til
publikum. Kontrabassist Torkjell Hovland hadde eit veldig ledig og
energisk kroppspråk i eit ellers forsiktig visuelt banduttrykk. John
Inge satt faktisk med ryggen til publikum, men eg ser det meir som
eit modig "statement". "Gjetarjenta Prillar-Guri"
med tekst av Enok Kippersund baud på song i ekte kom-kyra-tradisjon.
Vidare kom "Pilk" som levde opp til navnet då den livlige
rytma gjekk meir i rykk og napp og melodiføringa var lystigare enn
det vi hadde hørt tidligare på kvelden. Konserten vart avslutta i
ekte jazza gospelånd med tidligare nevnte "Sjå bygda vår",
ein hyllest til Bjørke med fjord, fjell, kløver og timotei. Det var
tydeleg at John Inge var på scena for å spele og ikkje for å
preike, for etter lengre applaus kom kveldens einaste annonsering frå
scena, eit kort "Takk!".
I ekte Hjorundfjord.no-ånd: Enok var rask med å ønske oss velkomne til Bjørke
Med i orkesteret frå musikklinja på Volda vgs og jazzlinja på Sund folkehøgskule i Trøndelag:
John Inge Leira Bjøringsøy-piano
Jan Martin Gismervik-trommer
Audun Lønning Gjerdi-trompet
Torkjell Hovland-kontrabass
Ingrid Vik Henriksen-vokal
Kommentarar