Det er John Inge Bjøringsøy som har samla nokre musikkvener, og i samband med Bjørkedagane, vil dei halde ein jazzkonsert i Bjørke kyrkje. Dei fem speleglade ungdomane er no samla på Leira der øvingar pågår for fullt. John Inge har sjølv komponert det meste av musikken som skal framførast.

- Dette er musikk som er inspirert av den vakre naturen i Hjørundfjorden, seier han og ynskjer alle velkomne til den vesle intime kyrkja på Bjørke søndag kveld kl 2000. 

Dei fem talentfulle ungdomane er: Jan Martin Gismervik frå Karmøy, trommer, John Inge Bjøringsøy frå Bjørke, piano/synth, Torkjell Hovland frå Ørsta, bass, Ingrid Vik Henriksen frå Volda, vokal, Audun Lønning Gjerdi frå Oslo, trompet.

Dette kan vere vel verdt å få med seg for den som er glad i jazzmusikk.

092

John Inge skriv musikk med naturen rundt Hjørundfjorden i tankane. Her hentar han inspirasjon ved varden på Jakta.