Skår-Ferja kjem i land

Ferja var full av folk som ville til Skår. Heile 250 menneske deltok på kulturvandringa. Det kom folk frå alle kantar, fjern og nær. Berre når det var storbryllaup kunne her ha vore meir folk, fortalde Jarle Walseth som denne dagen verkeleg var på heimebane.

(Alle bilete kan klikkast på for å få full størelse.)

BERRE I DET STØRSTE STORBRYLLAUPET KAN HER HA VORE MEIR FOLK PÅ SKÅR SA JARLE WALSETH SOM DENNE DAGEN VAR LOKALHISTORIKAR PÅ HEIMEBANE.

Jarle Walseth budde sine fem-seks første leveår på Skår der mora Ella Skår var fødd og faren Christian Walseth starta snikkarverkstad før dei flytta til Sæbø. Walseth fortalde at Skår var ein tungdreven gard der ein fekk ingen ting gratis. Det var arbeid og arbeid år ut og år inn. Men Skår er ein gard ved ein fiskerik fjord, så der var aldri nød eller svolt.

Jarle Walseth med megafon

 

 

 

 

Jarle Walseth på heimebane med megafon og Viddalsfjell i bakgrunnen. Walseth budde på Skår til han var seks år. Her fortel han om levevilkåra på Skår og kor tøft det kunne vere når det i stormvèr skulle hentast jordmor til gards. Men verste året på Skår var 1913 då to brør, Hans og Bernt kom bort ved fangsting på ishavet ved Grønland.

Skårafolket

Ekte Skårafolk. F.v.: Gullbjørg Birkeland (samb. med Asbjørn Skår), Marit Skaar, Bente Skaar Johan Skår, og sitjande Borghild Skår (94) mor til Marit, Bente og Asbjørn.

To veker ferie på 60 år
Men dei fekk ikkje tid til å feriere, fortalde Borghild Skår (94) som for vel to år sidan flytte til Sæbø. Då hadde ho budd på Skår i 60 år og hatt to veker ferie. Ein sommar, etter at dei var ferdige med slåtten, reiste dei på Austlandet og feira bryllaup og var vekke i 14 dagar.

 

Skår- ei kulturvandrig
 

Kulturvandringa til Skår søndag 17. august vart ei folkevandring. Berre når det var storbryllaup på Skår kunne der ha vore meir folk enn dette, fortalde Jarle Walseth. Her er folk samla ved nedste tunet på Skår der Jarle Walseth orienterer. Denne dagen var han lokalhistorikar på heimebane. I bakgrunnen ser ein Lekneset og Urke

Folkevandring til Skår.
Synnøve Rekkedal Hill, styreleiar i Hjørundfjord kulturvernlag sa seg stornøgd med frammøtet til kulturvandringa på Skår. Ho hadde i sitt stille sin håpa på at det kunne kome 100 personar, men at det kom over dobbelt så mange, det var både overraskande og kjekt, sa ha. Ho gledde seg også over at det kom så mange langsvegsfarande. Det var folk ute frå øyane og frå nabokommunar, folk med røter, eller frammøtte som på ein eller annan måte hadde slektsband eller eit aktivt forhold til  Skår. Og mange var dei som hadde sett Skår gjennom eit langt liv utan å vore i land. No var dagen komen, og folk storkosa seg i det gode veret.

Kulturvernlaget- leiar S.Hill
Synnøve Rekkedal Hill, styreleiar i Hjørundfjord kulturvernlag var stornøgd med frammøtet til kulturvandringa på Skår. Ho hadde håpa på 100 personar, men at det kom over dobbelt så mange, det var kjekt, sa ho og peika på at det også kom mange langsvegsfarande. Det var folk ute frå øyane og frå nabokommunar, folk med røter, eller på ein eller annan måte med slektsband eller eit aktivt forhold til Skår.

Dei som hadde barndomen sin på Skår, fortalde at Skår var ein triveleg stad å vekse opp. Men å måtte flytte heimanfrå som sjuåring for å gå på skule, var for mange ei hard påkjenning sjølv om dei vart mottekne på beste måte hjå slektsfolk på Viddal, Trandal eller Urke. Det var ikkje spøk å bo på Urke og kvar dag sjå heimatt, men utan å  kunne fare dit.

Gløymde skuleborna som skulle heimatt til påske.

Reisinga med rutebåten kunne gå an når det var ”Rauma” med mannskap som kjende oss. Men ved høgtidene kom det større rutebåtar. Dei hadde mannskap som ikkje kjende oss og dei kunne gløyme å stoppe ved Skår, og me torde ikkje snakke med dei, fortel Marit Skår (63) som minnest eit par slike nifse barndomsopplevingar. 


Utsikt, ikkje nok å leve av!
Denne dagen fekk alle nyte den fantastiske utsikta Skårafolket har – ein ser heile Hjørundfjorden til endes nordover, langt innover mot Viddal og Leira sørover og Leknes og Urke mot nord. ”Hadde det vore utsikta det kom an på, hadde me livt godt her på Skår,” svara ein Skåramann til ein som vitja Skår og skamrosa den flotte utsikta. Nei, dei måtte kjempe for levebrødet.

 

 

 

 

 

Aldri ein stein nedpå naboen
Gardane var bratte og tungdrivne. Men dei sette seg ære i å gjere skikkeleg arbeid. På Skårabakkane t.d. rydda dei stein kvart einaste år, men aldri eg veit at me miste ein stein ned på naboen, fortalde Johan Skår (59) og siterte ein Skårabakkmann med rettkomen ærekjensle.

 

 

Skår- sentrale aktørar

Sentrale aktørar under kulturvandringa: F.v.:Sokneprest Kåre Øygard, Jarle Walseth, Håkon Skår, Synnøve Rekkedal Hill og Johan Skår.

Skår-soknepresten og hjørunfjordkvint

Sokneprest Kåre Øygard forretta og tala under friluftsgudstenesta over søndagens tekst, Matt 5.43-46  ”Ver då fullkomne liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen.”Hjørundfjord-kvintetten støtta og trufast opp ved kulturvandringa og sytte for tonefylgje til salmane.

skårabakk1 Nostalgibilde frå Skårabakkane. Rune Skår, son til Sverre Skår (1924-1988) forklarar bildet slik: Her er farmor og farfar Ragna Noring Skår og Johan Skår øvst i trappa på Skårabakkane med svigerdatter Karen og eldste son Karsten med dottera Rigmor på arma og Johan ståande svært kry i den nye regnbuksa. Vidare midt i trappa svigerdtr. Jofrid og yngste sonen Håkon (t.v.) og mi mor Møyfrid (gift med Sverre Skår) med Marit dottera til Jofrid og Håkon på fanget. Nedst t.v. Marit Skaar. Fotograf er Sverre Skår ca. 1954.

Skårafolk-nede1 

Det var Den gang frå nedste garden på Skår: I femste rekkja sitjande f.v..: Elen Trandal, Sivert Skaar Trandal, Jetmund Skaar og Jakob Skaar. Bak ståande f.v.: Johan Skaar, Olianna Slettedal, Anna Dybvik, Ole Skaar Viddal, Karoline Storeide/Gullbrandsen. Fotografi frå 1927.

 

Skår- gjestar

T.h.: Hildur Rebbestad Øyehaug, Ørsta vitjar gjerne Skårabakkane der mora Berta Skår Rebbestad f.1918 kom i frå. Her saman med broren Leif  Rebbestad (t.v.) og Per Einar Vegsund.

Skår- Urkefolk hadde møtt fram

F.v.: Jo og Kjellfrid Prestegarden på Urke og Knut Leknes på Lekneset. Dei ser til Skår heile året, men nytta den varme sommardagen til å ta turen til Skår. Jo og Kjellfrid var førstegangsbesøkjande medan Knut som næraste nabo på Lekneset var velkjend på Skår.

Skår- Rune har gått over fjella

Sprekingen Rune Skår er fysioterapeut med kontor i Volda. Han hadde gått over Skårafjella for å vere med på kulturdagen på Skår. Han starta i Kvistaddalen og kom ned Skåralikkjedalen. Her peikar han opp mot Skårafjella og fortel om den fine fotturen.

All tekst og foto som ikkje er nemnd fotograf er Torbjørn Urke sine.