Queen Elizabeth 2 hadde sin siste tur i Norge veke 37, grunnen er at ho er solgt som hotellskip til Dubai neste år. Den 40 år gamle dronninga er eit vakkert skip, som er høgt elska av dei fleste. Dermed vart det ein vemodig avskjed i Geiranger for lokalbefolkninga, som har sett den flotte båten kvar sesong.

Grand Voyager 1 1

Denne kom oppunder oss då vi venta. M/S Grand Voyager er eigd av Horizon Navigation og er 180 meter lang, 25 meter breid og 7,3 m djuptgåande og går 28 knop. Visst ein ikkje teke med Queen Elizabeth 2 og Queen Mary 2 sida desse er "oceanlinere" er denne det raskaste cruiseskipet i verda.

RMS Queen Elizabeth 2 hadde vore på Hellesylt tidlegare på dagen, fra 8.00-10.00. Etterpå gjekk ho inn i Geiranger og snudde der inne med to taubåter. Etter 6 timars liggetid avgjekk ho Geiranger, då drog ho 3 majestetiske støt i fløyta så det dundra i fjella og avgjekk Geiranger for siste gong.. Rundt kl. 19 kjem ho ut av Geirangerfjorden, og møtte på ferga Veøy for siste gong..

Baug_Geiranger 1 Veøy_QE2 1
Kva er det for ein vakker baug som kjeme til syne her? Er det ikkje sjølvaste Queen Elizabeth 2! Eit siste møte med M/F Veøy..

RMS Queen Elizabeth 2 har rekorden i det britske selskapet Cunard line, som det skipet dei har hatt lengst i drift. Ho er 293 m lang, 32 m breid og 9,9 m djuptgåande. Frå først av hadde ho fire dampturbiner, og hadde ei toppfart på 28,5 knop. Etter ombygging i Tyskland 1986 hos Loyd Werft fekk ho installert 9 MAN&BW dieselar, og fekk ei toppfart på 32,5. Dermed er ho det raskaste turistskipet som flyt.

Etter 40 års tjeneste i Cunard Line, vart ho solgt til Dubai for å brukast som hotellskip. No får ho same skjebna som gamle RMS Queen Mary som ligg i Long Beach California og er hotellskip. Den 11 November 2008 avgår ho på sitt siste cruise til Dubai, gjennom Middelhavet og Suez for og leverast til dei nye eigarane.

Fullahead_QE2 1 Skog_QE2 1
Eit flott linjeskip! Kva er det for eit vakkert skip nedi skogen her?

Ho blir no takka av i heile Norge, og no har ho sett kursen til Oslo som siste anløp i Norge.

 

Queen Elizabet siste gong ut Geiranger 1

Ei nydelig dronning !

 

Baugen_QE2 1 Akter_QE2 1
Ein nydelig og skarp baug! Heilt klart designa for fart!

Farvel_QE2 1

Farvel RMS Queen Elizabeth 2 !

 

Her har NRK vert i Geiranger og filma QE2, sjå filmen her.

 

Siste gang i Bergen 27 Juni.

 

Siste gang i Stavanger 9 August.

 

Siste gang i Oslo.


Her er noken flotte bilder av QE2 i Hjørundfjorden som er tatt av Arild Stokke.

 

Bilder av QE2 sin nye heim.