Som brukarane av hjorundfjord.no kjenner til, er det langrenn som er hovudidretten til Håvard Myklebust frå Skjåstaddalen.  Likevel imponerte han stort under motbakkeløpet "Saudehornet rett opp" i Ørsta sist laurdag.  Sjølv om han ikkje har fått konkurrere i det heile dette året på grunn av sjukdom/ein kropp som ikkje har fungert 100 %, vann han like godt 16 og 17 årsklassa med den sterke tida 1.10.29.  Denne tida er rett nok litt dårlegare enn tida han fekk i fjor, men tidene var generelt dårlegare dette året - truleg på grunn av vêrtilhøva under løpet.

Håvard slo t.d. også Arild Bjørdal og Arne Johannesen - leiaren i politiets fellesforbund - som også er ein ivrig motbakkeløpar.

IMGP6644 (Large)

Her ser vi Håvard Myklebust (fremst) nærme seg drikkestasjonen ved vasshus 3. Bak til høgre ser vi Arild Bjørdal og heilt bakerst Arne Johannesen frå politiets fellesforbund.  Håvard let aldri desse to sistnemnde få kome forbi seg før mål på toppen av Saudehordnet.

Til hjorundfjord.no seier Håvard at han ikkje har trent spesielt til dette løpet - mykje tid har gått med til sommarjobben i parketaten i Ørsta kommune, men tid til ein del trening har det blitt.  Håvard har til liks med mange andre også nytta høvet til å gå på fleire fjelltoppar i det siste i det fine sommarvêret.

Håvard deltok for Hovdebygda IL, men har postadresse Bjørke.  Ein annan som deltok frå Bjørke/Skjåstaddalen var Dan Børge Saure.  Han deltok i klasse Menn 23 - 34 år.  Dan Børge fekk tida 1.23.01.  Norangdalen hadde også ein deltakar.  Namnet var Ronny Norangshol.  Han fekk tida 1.19.15.  Også dette er ei sterk tid og vi har sett at han m.a. har fått trening som fjellførar i Norangsdalen i det siste.

Øyvind Sandbakk - sprintlangrennsløpar frå Ørsta og ein av dei som "står bak" dette etter kvart landskjende motbakkeløpet - gjorde det best av deltakarane frå Ørsta.  Han fekk tida 1.00.18 og deltok i klasse 23-34 år.  Best av dei kvinnelege deltakarane frå Ørsta var Bodil Vartdal Ryste.  Ho fekk tida 1.15.58.  Bodil er også ei kvinne som har gjort det skarpt på mange "motbakkeløp" på ski vinterstid rundt om i heile Europa.

IMGP6639 (Large)

Øyvind Sandebakk - den raskaste ørstingen - nærmar seg den første drikkestasjonen ved vasshus 3.

Etter det vi kunne sjå var det ingen kvinner/jenter frå Hjørundfjforden som deltok i konkurranseklassa.  Det er og usikkert om kvinnelege hjørundfjordingar var med i trimklassa.  Men ein ting er sikkert - fleire jenter og kvinner frå Hjørundfjorden gjekk opp på Saudehornet denne dagen.  Kanskje får vi så kvinnelege deltakarar herifrå neste år?

Og etter at drikkestasjonen ved vasshus 3 var passert, var det berre å halde fram mot det endelege målet - Saudehornet...

IMGP6656 (Large)

Her ser vi det endelege målet - toppen av Saudehornet.  Klikkar ein på fotoet ser ein kanskje i nedre billedkant at fleire deltakarar er på veg oppover.  Ser ein godt etter, ser ein også at mange allereie har nådd toppen av Saudehornet.