I år har vi hatt ein draumeferie. Familien tok ei veke på mallorca i mai, og seinare hadde vi tre vekers feriesammenhengande på Øye i fellesferien. Ferien starta med Laks i elva på andre forsøk for far sjøl.2008_0801sommarferie_20080078

Elles vart ferien nytta til å skifte det gamle eternitt taket vi har på Nikkaburet. Optimisten som eg er, trudde eg sjølvsagt at dette var gjort på ei helg. Det tok litt lenger tid....

Men resultatet vart bra, og det er det einaste som betyr noko.nytt tak

Utover taktekking, hadde vi ei målsetning i ferien, og det var ein fjelltur med overnatting. Vi hadde blinka oss ut å gå Fagredalen, i frå bygdastølen i Sunnylven, til urasetra i Norangsdalen.

koke nudlar

Sivert som yngstemann heiter, sleit litt med motivasjonen  både før vi starta turen (han fekk faktisk faren til å bære en camingstol som klausul for i det heile tatt å være med). Vi fann fort ut at det var svolt som mangla etter at turen starta. Etter ein halv times gange, stoppa vi i råsa for å koke nudlar, på far sitt nye stormkjøkken. Etter dette måltidet så steig motivasjonen. Det var ikkje vanskeleg å forstå kvifor dalen heiter fagredalen.

Fagredalen

Her er vi komen forbi første vatnet på vei til brunevatnet som ligg nærmast Norangsdalen.

Turen er ein lett tur som passar for både små og store. Med normal lett gange gjeng ein turen på 3-4 timar.  Sist eg var her i fagredalen kom eg i snakk med ein kar frå sunnylven (Petter Ringdal) som kunne fortelje at i si tid var her tre gardar i Ringdalen, og at gamlehuset på Klokk på Urke er sett saman av tømmeret på den sist nedlagde garden. Etter det han fortalde så vart huset demontert på ettersommaren, og bonde på Klokk drog tømmeret igjennom fagredalen på skaren vinteren, for so å hente det med hest og kjerre og frakte det til Urke for montering. Slikt for noko gir meg stor respekt for det slitet det våre forfedre gjekk igjennom. 

Vi valgte å legge inn ei overnatting, og det angra vi ikkje på. Når ein er så heldig med veret så har ein det bra uansett, vi kom fram etter ca 2,5 timars gange og fekk sett opp teltet.teltet og Sivert

Sivert med Campingstolen i framgrunnen

Eg måtte sjølvsagt freist fiskelukka, det var i grunnen dårleg bet, men eg fekk ein fin ørret som vart kveldsmat.

første fisk

Fisk vart det også til frukost, som vanlig så kom ikkje betet i gong før i skyminga.

Sivert et fisk

Steikt ørret med fløte og creme fraiche til frukost er snytande godt.

Turen ned til urasetra dagen etter tok ca ein time, og snart kom vi heim til nikkaburet. Nikkaburet er huset som Nikka og Laura Nordang budde i når dei levde. Etter at dei døyyde i 1989 og 1992 so sto huset tomt i monge år, før eg starta å pusse opp i 2003. No nyttar vi huset som feriebolig og trives veldig godt med det.