Klikk på fotoa for stor versjon.

Til Fred Ingar kopi

Mange gonger har eg prøvd å få til eit skikkeleg fotografi av ei rype, men det er ikkje enkelt.  Seinast prøvde eg for to-tre veker sidan - eg hadde kameraet hengande på brøstet då eit rypekull plutseleg flaug opp rundt meg på alle kantar. - No skal det skje, tenkte eg, men så var batteriet tomt...

I dag var junior (Jakob) og eg på ein fjelltur i same området.  På nytt hengde eg kameraet, no med fullada batteri, rundt halsen. No var tida inne.

Men det same som sist skjedde igjen - plutseleg flaug det eit rypekull rundt oss.  Jakob "skaut" dei fleste med staven han hadde med seg, men før eg fekk summa meg heilt flaug det  opp eit nytt kull rett bak oss.  10 sekund etterpå var det tid for konklusjonen - ingen ryper var fotografert.

Når ein skal fotografere ville dyr og fuglar må ein ha litt flaks.  Og flaks hadde vi no.  Vi oppdaga tilfeldigvis at ei rype sat att heilt ute på fjellkanten.  Der sat ho og vi fekk kome temmeleg nær - ho trudde sikkert at vi ikkje hadde oppdaga den.

Rype 1 kopi Rype 17 kopi

Til venstre:  Litt flaks - vi oppdaga ei rype som ikkje flaug opp.  Til høgre:  Rypa er ikkje høgderedd.  Er det nokon som kjenner att bakgrunnen?

Etter at vi hadde vore ein tur frampå toppen og var på veg tilbake, oppdaga eg tilfeldigvis ei einsleg rype - truleg ein unge.  Ho ville ikkje flyge i det heile, men denne rypa var rask til beins.  Skulle ho kanskje lure oss bort frå dei andre?  Like etterpå flaug det på nytt opp fleire ryper rundt oss, truleg var det nokre av dei same som vi hadde sett tidlegare.

Rype 4 kopi

På tilbaketuren oppdaga vi ei rype til

Til Fred Ingar kopi

Først litt posering...

Rype 6 kopi Rype 11 kopi

...Så tok rypa beina fatt.  På foto til høgre ser vi at kamuflasjen virkar godt sjølv om rypa rett nok ikkje er heilt i fokus her.

Rype 8 kopi

Rypa innser nok her at ho ikkje klarer å springe unna, men ho har no klart å lure fotografen bort frå dei andre rypene i kullet...

Avslutningsvis tek eg med eit foto av ei rype i det ho flyg opp.  Fotoet er svært uskarpt, men kanskje seier det noko om dette er ei flellrype eller ikkje?

Rype 13

Om ikkje anna ser ein at ydste delane av vengane er kvite.

Sjå på fotoa?  Kva slags ryper er dette?  Er fuglane unge eller gamle?  Her treng vi svar frå erfarne jegerar.