Sæbø veteranlag kunne altså forlate årets jubileums-cup vel vitande at innsatsen og gjennomføringa av cupen var godt over både det me sjølve og andre kunne forvente.

Sjølv om me hadde førebudd oss i lengre tid før cupen, var nok treningsgrunnlaget blant veteranane litt tilfeldig, og ein skal ikkje underslå at steget og hurtigheita til veteranbein på rundt 40 +/- ikkje er på det nivået dei same beina var på 80 og 90 talet, då me var aktive for Sæbø a-lag.

Difor veldig respektabelt at me heldt godt følge mot dei lokale 4 og 5 div laga anno 2008. Bortsett frå andre omgangen mot Åmdal på søndagen (0-5 tap), samte første del av kampen mot Sæbø laurdagen (2-3 tap) heldt me godt følge og gav motstandarane skikkeleg motstand. Sjølv om det vart eit stort tap mot Åmdal, så var det veteranlaget som førte an i den kampen også. Første 10-15 minutta av Åmdal-kampen spelte veteranane god fotball og Åmdal fekk knapt låne ballen....men etterkvart vart beina tunge etter dei 3 kampane som var gjennomført laurdagen og Åmdal tok heilt over...

I dei to 0-0 kampane mot Hovdebygda og Vartdal var det veteranlaget som skapte flest sjansar og burde ha vunne, og i siste kamp mot Ørsta hadde me 4 divisjons laget i kne, ved å ta leiinga 1-0 etter eit flott mål frå Smurfen og påfølgande brent straffespark (ved Bård) Med 2-0 leiing der kunne kanskje kamputviklinga blitt litt annleis. Ørsta vann den kampen til slutt 2-1, etter eit sigersmål 2 minutt før slutt. Seinare på dagen tok Ørsta cupsigeren med 3-1 siger mot Sæbø i finalen. Honnør også til Sæbø A-lag som alltid gjer det godt i Sæbø-Cupen.

Her er resultata til Sæbø Veteranlag, samt ein billedkavalkade frå kampane mot Hovdebygda og Sæbø. Kanskje hadde veteranlaget gjort det endå betre dersom me hadde hatt med dei offensive spelarane; Bjørn Ove Strand, Jørund Walseth og Jens Arve Forbord. (desse veteranane kunne av ulike grunnar ikkje delta i cupen) Me var nok totalt sett betre defensivt enn offensivt, og har derfor meir å gå på framover på bana.

Sæbø Veteran - Hovdebygda 0-0

Sæbø - Sæbø Veteran 3-2 (2-1)
Mål veteran: Rolf Egil Riise 1, Odd-Rune Walseth 1
Mål Sæbø: Terje Haugen Øye 2, Terje Stokke 1

Sæbø Veteran - Vartdal 0-0

Åmdal - Sæbø Veteran 5-0 (2-0)

Sæbø veteran - Ørsta 1-2 (1-1)
Mål veteran; Rolf Egil Riise 1

Mourinho

Veteranlagets coach Jørund "Mourinho" Walseth har førebudd seg godt og studert alle motstandarane nøye før turneringa. Tunga på vektskåla skulle være å stille i dress under heile turneringa, og dessutan tiltalas som "the special one" !!

 

Kaptein Bård

Kaptein på laget vårt var Bård Forbord (36 år). Han spelar fast på Sunnylven
sitt 4 div lag og var dermed sentral på veteranlaget si midtbane.
Dei yngre motstandarane såg ofte berre ryggen på han etter ei finte eller to...

HaudeDuell

Henning Nydahl og Alf Ole Aarseth går opp i duell i kampen mot Hovdebygda.
Ser ut til at me vann denne duellen. Bilseljar Bernt Brekk på hovdebygda (nr5) står slukøra og ser på...

Smurfe-sjanse

Rolf-Egil Riise får ein gyllen sjanse i kampen mot Hovdebygda etter eit godt forarbeid av Kjell-Johan Aarseth på venstresida. Det vart ikkje mål her, men Smurfen revansjerte seg seinare i turneringa og skåra både mot Sæbø og Ørsta.

Henning i lufta

Nok ein god målsjanse; men Henning Nydahl headar like over !

Pause

Velfortjent pause til veteranlaget og Mourinho gjev sine gjennomtenkte (?) betraktningar. "Gå hardt ut gutta, så aukar me berre på etterkvart" !!
Normann Dimmen (nr 11) er litt betenkt etter å ha fått strekk allereie i første løpet....og dermed mista me desverre ein god angripar tidleg i turneringa

Cup ledelsen

Cupleiinga med Aleksander Riise Olsen og Trond Åge Osvoll i spissen liknar meir på mafiaen på ferietur, men desse stramme karane var også imponerte over innsatsen til veteranlaget

Stein Aam

Tidlegare Sæbø-trenar Stein Aam blandar seg inn i taktikken til Mourinho men får ikkje medhald frå veteran-trioen; "men Stein då, me kan vel ikkje springe Stein-løypa frå 1987 no midt i mellom cup-kampane....??

Marius forsøk

Kampen mot unghynane på Sæbø a-lag er i gong og spiss Marius Riise er raskt frampå, men Tings i buret reddar forsøket.

Smurfe-scoring

Rolf Egil Riise har nettopp utlikna til 1-1 for veteranlaget etter forarbeid frå brørne Aarseth. Veteran Svein Sæbønes er også fornøgd, medan Sæbø-spelarane er meir betenkte...

Oddmar

Oddmar Aklestad med ei lysande tackling i kampen mot Sæbø ! Oddmar var solid for veteranlaget heile helga, og spesielt i kampen mot Ørsta søndagen var han "konge" i midtforsvaret

Ekspertisen

Ekspertisen og VIP-tribuna på Sæbø Stadion ! Sjølv ikkje domaren har noke han skulle ha sagt når desse karane feller sin dom med glimt i auget.
"Hm, veteranlaget har visst noko å fare med likevel.."

Sæbø a-lag

"Gutar, veteranlaget var litt betre enn me trudde sjølv om me vann 3-2 til slutt...kanskje me også skal byrje med slike veteranturar, berre me vert gamle nok "

Ned for telling

Vår elegante midtstoppar i dei 2 første kampane, Svein-Ove Walseth gjekk desverre ned for telling. Kneet vart hardt skada, og han vart satt ut av spel resten av turneringa. Synd.

Tings

Knut Inge Haugen stod godt i mål for veteranlaget heile turneringa, og varta også opp med strafferedning i kampen mot Ørsta søndag. Tings ser nøgd ut :)

Veteran-lagbilde

Veteranlaget.
Bak frå venstre; Ole Petter Myklebust (motivator), Henning Nydahl, Kjell-Johan Aarseth, Odd-Rune Walseth, Knut Inge Haugen, Svein Ove Walseth, Rolf-Egil Riise, Sverre Børge Hjorhaug, Jørund "Mourinho" Walseth, Bård Forbord.

Framme frå venstre; Erik Brautaset, Normann Dimmen, Kjetil Leknes, Stig Storborg, Kenneth Nydahl, Øyvind Taklo, Oddmar Aklestad, Alf Ole Aarseth
(Svein Sæbønes manglar, han hadde allereie spurta inn i garderoba)