Det har slett ikkje vore mykje nedbør i det siste, nei, ei regnbyge har vore nærast unnataket. I ettermiddag kom her likevel ei lita byge, men ikkje mange minutt seinare kom regnbogen. Og tek eg ikkje heilt feil så er vel regnbogen eit teikn på at det nettopp skal slutte å regne? Det gjeld vel sjølv om byga er lita?
Og kva med skatten? Om eg ikkje lærde det på skulen så meiner eg også bestemt at eg i livets skule har lært at det skal vere ein skatt der regnbogen landar. Stor var gleda difor i ettermiddag då eg såg at regnbogen gjekk rett ned gjennom pipa på huset vårt. Eg sprang sjølvsagt inn for å leite etter denne skatten, men diverre var eg denne gongen likevel for seint ute - regnbogen hadde flytta seg nedover mot Sæbø. Så er det vel ein eller annan som har funne skatten der...

Regnbogen hadde flytta seg nedover mot Sæbø...
Men regnbogen stod i fleire minutt over Kvistadkollen, Storhornet og ikkje minst Årset. Det er vel eit godt teikn?

Takk Knut (29.08.2008 kl. 23:25)
Tek det som ein tillatelse til å kopiere bildet.
Skal nok få det til - og om ikkje så brått ha eit trivelegare kontor pryda av bilete frå Hjørundfjord:-)
Eva Aarskog
Takk og takk (28.08.2008 kl. 00:12)
At dette fotoet vart så godt motteke kom overraskande på meg. Tusen takk for ros. Men det må seiast at eg prøvde å springe raskt for å hente fotoapparatet då eg oppdaga at regnbogen var "heil", ofte får ein berre ein halvpart. (Sender du meg e-postadressa di, Eva, så skal eg sende fotoet til deg)
Knut Hustad
Skrivebordsbakgrunn! (27.08.2008 kl. 23:20)
Og eg kopierte det nederste - fantastisk flotte - bildet til skrivebordet mitt og la svart bakgrunn på det - så no startar eg dagen med bildet ditt, Knut!
Vibeke Mo
Et skoop (27.08.2008 kl. 18:09)
Det bildet var virkelig flott:-)
Skulle gjerne hatt det på veggen på kontoret - i stort format :-)
Kan det late seg gjere?
Og skatten Knut - den skulle være ei stor gryte gullpengar har eg haurt.
Eller kanskje er det alt det gode du allereide har i heimen (familien mm.) som er den største skatten?
Eva Aarskog
Utrulig fint bilde! (27.08.2008 kl. 08:36)
Det nedste bildet var kjempefint! Om eg med mine overtruiske tankar skal tolke kvifor den gjekk ned i pipa, så kjem eg fram til at det vert ein kald vinter, derfor vert ved og omn ein skatt i vinter....Så no ilar eg straks bort i Bondalen for å sage:)
Unn Frøland