NCJ16 30

Turen starta frå Sæbø laurdag 26. juli med 8.30 ferga.
Der stilte Sæbø G16 og Åmdal/Sæbø/Ørsta J16 og saman tok vi turen til Ekebergsletta og Norway Cup der 30 000 ungdomar frå heile verda møtast til verdens største fotballturnering.

Vi reiste med 2 minibussar, og turen mot Tigerstaden vart veldig varm! Temperaturen var mellom 30 og 34 grader mest heile veien. 

NCJ165

Alle måtte feste seg for sikker tur, jentene er uttrekt til å vere bry deg i trafikken ambassadørar og går føre med eit godt eksempel!
Janneche, Else Marie, Kathrine, Bente og Hilde.

NCG161

I gutebussen var det forferdeleg varmt, luftinga virka ikkje som den skulle eller så var det vi som ikkje gjorde det rett..
Karl Erik, Jon Martin, Sivert, Henrik og Sindre.

NCJ164

Første stopp var på Stryn der det var kjøp av is og støttebandasje til Malene som hadde skada kneet sitt og stilde med krykkjer..

NCJ166

Matpause i skuggen på Lom, f.v Bente, Ingeborg, Else Marie, Maren, Synnøve, Liv Grete og Malene.

NC1

Endeleg framme og klare for innskjekking, vi fann ut at det gikk fortare å gå mens Bodil sat i bilkø og sveitta...

NCG162

NC2

Matkø.

Etter middag i Ekeberghalle og opnongskonsert, var det tid for å finne skulen og klasseroma som skulle vere heimen vår den neste veka.

NCJ16 14

Jentene fekk eit lite grupperom på 20 kvadrat! Vi låg ganske trangt med ti personar på romet. Det heiter så fint at "der det er hjarterom er der husrom" ! Og det gjekk fint men  der vart veldig varmt.

NC J16 1

Jentene spelte kamp først og vann komfortabelt 4-0 over Farsund. Synnøve headar vekk frå mål.

NCJ1616 7

Det er varmt å spele fotball når det er over 30 varmegrader og alle måtte kjøle "haudet" etter kampen og i pausa!

NCG16 3

Så var det gutane sin tur, også dei kunn juble over siger, 4-2 over Hisøy. Dommaren sov visst for han presterte å sei 3-3..
Jakob og Sindre.

NCG16 4

Pause og inntak av visdomsord og drikke. Mange spelarar på andre lag datt om på grunn av for lite væske så våra spelarar måtte drikke heile tida...

NCJ16 9

Mens gutane lada opp til kamp mot Cosmos Russia var jentene på badestranda. men dei fann ut at det ikkje var så fristande å bade i kø så etter ti minutt ville dei reise!

NCG16 5

Mikkel på bana like før den stygge taklinga!

Kampen mot det Russiske laget vart som mange veit ein kamp der dommaren ikkje hadde kontroll på noko som helst, det vart mange stygge taklingar og direkte feildømming som gjorde gutane ( og lagleiinga + tilskodarar) frustrerte.
Då Mikkel vart direkte nedmeia utan at dommaren bles, tok Yngve spelarane sine av bana.
Kampen vart etter mykje om og men sett til 0-3.

NC4

Etter å ha reist rundt heile Oslo ein heil kveld på jakt etter legar, krykkjer og skinner kunne Mikkel vere saman med resten av gjengen neste dag. Men det blir ikkje fotballsparking på lenge for han!

NCJ16 10

Torill kom heilt frå Øye for å hjelpte til å masere stive skuldrar..

NCJ16 23

Jentene vann begge dei neste innleiande kampane og vart  puljevinnar med 16-1 i målforskjell!

NCJ16 8

Glade jenter etter at A-sluttspelet var sikra. Sunniva, Synnøve, Malene, Maren, Bente, Ingeborg, Hilde, Kathrine, Else Marie og Liv Grete

NC6

Heiagjengen. Kristian, Petter, Sindre, Thomas, Jakob og Sivert.

NCG16 11

Gutane spelte uavgjordt 2-2 mot Dombås/Lesja og 3-3 mot Stadsbygd og enda dermed på 3. plass i pulja og kunne glede seg over å kome til B-sluttspelet!

 NC 9

Om kvelden var vi alle (vi var 49 personar!) på Peppes og åt Pizza, dei huska oss sikkert frå i fjor for dei spurte heile tida om vi ville ha meir..

Peder, Truls, Emile, Rolfen, Yngve, Eivind og Henrik.

NC 7

Mikkel, Maria, Martin , Martin D og Karl-Erik syns det er godt med pizza og konkurrerte om å ete mest!

NCJ16 13

Vi fekk også tid til ein tur på Karl Johan og slottet.
På tilbakeveien spelte vi Vassendgutane så det ljoma i Oslogatene!
Gutane køyrde her sin eigen buss og eg har desverre ikkje bilder frå det, men vi har forstått at dei har ete mykje kebab!

NC7

Eivind på slakk line med Marta og Martin som tilskodarar.

NCJ16 16

Frokost i friluft og gode råd frå trenr Roger for nervøse jenter.

Var så nervøs at eg ikkje fekk klare bilder frå sluttspelet men jentene gjorde jobben sin og vann 1-0 over Tambarskjelvar i 16/1 finalen og  6-1 over  Skjergard i 8/1 finalen.

NCJ16 18

Normann får hjelp av Heidi til å tape leggane til Liv Grete.

Normann fekk som nyoppnemd hjelpemann, (han er den som har mest erfaring med strekk i lår og andre musklar..), mykje å gjere på før jentekampane, Malene, Else Marie, Bente og Liv Grete måtte alle tapast før kamp.
Jentene sleit no med skadar og få spelarar, men heldigvis var Tiril i Oslo og stilte sporty opp på dei to siste kampane.

Kvartfinalen enda med tap 0-2 mot Lesja/Lesjaskog i ein kamp der vi hadde spelet og sjansane, men ballen ville ikkje i mål og jentene var slitne. 
Dermed kom jentene på 5. plass, slett ikkje verst blant 70 lag!!!

Gutane tråkla seg fint gjennom B-sluttspelet og spelte bedre og bedre etterkvart som dei lukta gull.  Oppdal vart slått 3-2 i 8/1 finala etter at Sæbø låg under 0-2, neste lag Sæbøgutane sende heim var Skeid med 3-1 i kvartfinala.
Semifinala vann dei 3-2 over Haugen etter enda ein gong å ha lege under 0-2 og så var det klart for FINALE, og det mot Hødd!  

Jentene overhøyrde nokre Høddgutar før kampen og dei trudde at det skulle bli enkelt å slå Sæbø..

NCG16 6

Mange hadde teke veien til Oslo for å følge Sæbøgutane og Åmdal/Sæbø/Ørsta-jentene!

NCG16 26_edited-1

Truls i fint driv, han skora dei to første måla for Sæbø etter fint spel av heile laget og til stor jubel for tilskodarane!

NCG16 21

Her blir det mål!

NCG16 7

Heile laget jobba hardt. Bakrekka og midtbana sørga for at Hødd sine sjansar ikkje gav uttelling og fint spel frå samspelte gutar sørga for GULL!

NCG16 20

Bjørnar og Truls lurer Høddgutane. Hødd reduserte til 2-1 før Bjørnar fastsette sluttresultatet til 3-1!

NCG16 10

Kaptein Jakob har motteke pokalen!

NC G16 11

Glade og slitne gutar med velfortjent siger og pokal!
Bak trenar Yngve, Mikkel, Thomas, Jon Martin, Jakob, Sivert og Karl-Erik.
Framme Bjørnar, Truls Ivar, Martin og Sindre. Fremst Martin Luan.

NC 5

Publikum. Må ha med litt av livet på sidelinja også!

NC11

 NC10

Det er kjekt å få vere med så kjekk ungdom på cup! Takk for turen med masse opplevingar!

Er sikker på at laga set pris på å få gratulasjonar!!!!

Ps. Litt dumt at Sæbø-cup alltid er same helga som Norway cup. Det er vanskeleg å få flytta verdas største fotballturnering..