Mel:Millom bakkar og berg

Norangfjorden så vill og so fager  me deg elskar frå fjøre til fjell,

Du kan gjeve oss ovfagre dagar,  men og risting og braking og smell.

 

Når vårt Konhonn med gullkruna smiler  og får blink ifrå Slogen der nord,

og når båra i solglans seg hiver              då så framifrå fagert me bur.

 

Og når Middagshorn,Kjeipen og Skruen  imot Saksa seg lentuge gjer:

Vil du klippe oss no gamle frue ?            Nei, me trenger det håret me hev.

 

For når kulden og stormen tilsaman  spiller upp med sin barske musikk

då me hev ikkje stort utav gaman,    men vel ufysne frysing og slit.

 

Der um sumaren sauen og geita     reker um og fær metten sin god,

der um vetteren snøfok og skrider  ramlar ned og um alvor ber bod.

 

Inn på Lyngstøyl og Stavberg og Urda   har dei setra frå eldgamal tid,

der dei kjekkaste gjentor i verda           vyrdsla avdrott, den finast som bid.

 

Og når bjølleklang, kulokk og anna       ifrå Staven kom tridobbelt att,

då du trudde deg trollsk og forvandla,  men du gøymde det fagre som batt.

 

Men ein sumardag her inn på "Landa"      han set gladvorne merke i sinn.

Så god granne kom då gjev meg handa ,  me vil vyrdsla vår heim det me vinn.

                                                                                          A.N.

  Lentug= spretten,sprek,glad,omgjengelig eller flink?