Pappa Ronny Norangshol tok utfordringa (det er han som er sprekast), og laurdag 23.august var vi klare. Med på turen var Emil Norangshol(4), Markus Norangshol(6), Maria Norangshol (8), mamma Wenche Wollsæter, systra til Wenche, Ann Kristin Wollsæter og dei to eldste borna hennar, Sara Sæther(5) og Jakob Sæther(6).
På Laua har Norangdal IL. fjelltrimpost, så fyrste stopp var å skrive seg inn i boka. Frå venstre Markus, Jakob, Sara, Ronny og Maria.
For ei utsikt!
Frå venstre Wenche, Ronny, Maria, Jakob, Emil, Markus og Sara.
Sara, Maria, Markus, Emil og Jakob.
Fyrste matpause, rett under 900 moh.
Sara, Ann Kristin, Jakob, Markus og Maria. Ronny med ryggen til.
Brødskiver med fårepølse og majones smakar utruleg godt på fjelltur!
To gode kompisar.
Tusenmeter-steinen. Den står på ca 930 moh, tippar Ronny.
Den andre tusenmeter-steinen, som er på rett høgd.
Snø! ropte alle ungane og sprang utpå. No er vi komne opp på røra der stiane frå Øye, Patchellhytta og Urkedalen møtest.
Litt leik og moro mens Ronny fyller vassflaskene.
Minstemann Emil, blid og fornøgd!
Sara og Jakob synest det var litt skummelt når vi nærma oss toppen.
TOPPEN!
Jakob vart ikkje heilt kamerat med høgda, så han ville ikkje opp der bileta er tatt.
Matpausen tot vi rett under toppen. Det var mykje folk på veg både opp og ned. Kan tenke meg vi møtte 40-50 stk på heile turen.
Ein liten kvilepause før den lange nedatt-turen. Sara og Emil.
Kan det bli finare?
Var det så bratt opp?
Ei hjelpande hand er godt å ha...
Då seier vi farvell til Slogen for denne gong. Ein fantastisk og uforgløymeleg tur!
Kommentarar
Og så må eg få lov til å seie at det er svært kjekt at vi har fått ein ny, aktiv brukar av portalen frå Norangsfjorden. Flott Wenche. I tillegg er det glimrande fotokvalitet. Kjempegreier.
Ellers flott artikkel og flotte foto frå ein flott dag!
Fam.Birkhol og tante Anne-Karin