Eigentleg har eg alltid sett føre meg at Fingeren er eit litt vanskeleg mål - utan å eigentleg ha sett på ruta, men boka "Fotturar på Sunnmøre" beskriv siste delen av turen som enkel klyving, så la gå. Vi starta å gå frå Standalhytta som er utgangspunkt for turen...
Enno eit godt stykke igjen..
Standard å møte på eit eksemplar av desse, skvett like gale kvar gong..
Yr.no meldte regn og det viste seg at dei hadde rett denne gongen, sjølv om sola og viste seg.
Mor sjølv (Hilde) i teten, fin rås omtrent heile vegen.
Mot Sylen, midt i mellom Fingeren og Kolåstinden, litt meir avansert klatring må til for å nå denne...
Det tilbakelagte stykket, litt sleipt å gå til tider.
Det nærmar seg, berre det "værste" igjen...
På sjølve ekstremiteten som boka kallar han vart det ikkje høve til å knipse bilde, så vi hadde meir enn nok med klyvinga.
Endelig på toppen, "fort dej å ta bilde no da, vi må nedjen!"
Litt kry!
Ikkje noko sjølvutløysar her i garden...
Utsikt mot Follestaddalen...
Det vart ikkje noko raste på toppen her nei, då enkelte ville ned raskast råd...
På snø går veien ned igjen dobbelt så fort
Fjellrekka dekt av skodda når vi er trygt nede, trur ikkje vi kunne ha gått stort seinare...
Er litt usikker på om vi valde rett vei å klyve på sjølve "ekstremiteten". I boka stend det at klyvinga er enkel frå skaret og opp nordsida på Fingeren. Vi fylgde ei slags rås og kom opp litt meir bak, mot Follestaddalen. Det blei en luftig tur, men vi kom oss likevel til topps, sjølv om det ikkje var meir enn akkurat. Det var eigentleg ikkje ein tidkrevande tur, og eg anbefalar den til fleire!
Det blei mest bilder denne gongen, og heller ikkje av beste kvalitet. Håper likevel det er til litt underhaldning for portalen sine lesare, spesielt bestefar min Ola Sæbønes som har invistert i PC for å kunne fylgje med kva som skjer i bygda, via portalen. :)
Kommentarar
Men Linn Cathrin er nok litt beskjeden - det er slett ikkje overraskande at desse to jentene/kvinnene kjem seg opp på denne litt vanskeleg tilgjengelege toppen. Det er t.d. berre få dagar sidan eg såg at Linn Cathrin var på veg mot Saudehornet.
Hilsen
Onkel
Og Linn Cathrin det er ingen ting å beklage at her er mykje bilete og lite tekst. Det er akkurat slik det skal være på ei nettside. Mykje tekst og lite bilete det er avisa si sterke side, så det kan journalistane skrive. Folk vil blade i bilete på nettet med gode tekster under. Fotokvaliteten var ypperleg den!