Frå Øvsteberget køyrer ein videre på bomveg opp til Lauvhaugsætra som ligg på ca 420 moh. Her parkerer ein bilen, går i lett terreng på bra sti over Heida (lokalt navn) og inn i Joldalen. Kryss elva ved støylen, gå tvers over dalen til Geitasvedet (lokalt navn) ved foten av fjellet. Kryss svedet på skrå mot sydaust. Forsett, ganske bratt, rett opp langs ei graskledd glenne. Gå mot venstre i slakt terreng til du er borte på fjellkanten. Gå så mot toppen.
Klikk på bileta for større versjon

I inngangen til Joldalen kan ein sjå tuftene av støylen som ligg ved elva.
Joldalsætra vart rasert av snøfonn i 1924

På veg oppover mot toppen

Etter at ein flokk med ryper letta, kom ei ørn på besøk

På toppen av Jolhornet 1057. Snøhornet i bakgrunnen

Feirdalen mot sør. Ein fin og frodig dal med fiskevatn

Vi ser ned imot Høydalen

Inst inne i Joldalen ligg 3 små vatn. Oppe til venstre ligg Matøskja
Godt mot (17.08.2008 kl. 10:17)
Gerd Sofie
Fin tur for alle dette. Du kan trygt ta med heile familien og starte med godt mot. Gå i samla flokk oppover før du kjem inn i dalen. Der er ein plass oppe i bakkane du ser rett ned i elvagjølet,men der er godt å gå.
Hildegunn Mork
(10.08.2008 kl. 11:14)
Hildegunn-
Me må starte i det små, er nokre år sidan eg traska på fjella no. Er dette ein tur eg kan starte på med godt mot og ungar?
Gerd Sofie Langvatn
Feirdalen (09.08.2008 kl. 17:54)
Gerd Sofie.Feirdalen er ein like fin dal som Joldalen. Heilt i sør av dalen har du god utsikt mot Bjørkedalen og over fylkesgrensa.Det er to vegvalg til Feirdalen ifrå Langedalen i Høydalen.Eg synest sjølv at råsa på høgre sida av elva er best å gå. Den vart merka med små blå tau og rydda litt for 3 år sidan. Merka starta litt til høgre framanfor trekket garbrukarane brukar opp på skaret til Rinnalen. God tur :-)
Hildegunn Mork
(07.08.2008 kl. 22:06)
Ser ut som ein flott tur!
Me har vurdert Feirdalen, men Joldalen ser ut som eit godt alternativ !
Gerd Sofie Langvatn