Vi veit at mange har idear og tankar om framtida til arrangementet, derfor byr Sæbø IL inn til eit idemyldringsmøte.  Kva vil vi med Hjørundfjorddagane? Skal vi fortsette i same mønster som før, eller skal vi tore å prøve oss på noko nytt? Kanskje eit nytt tema: Friluftsliv? Bil? Fjord og fiske? …….. Myldringa må gjerne starte i kommentarfeltet på portalen og fortsette onsdag kveld på Klubbhuset.

Eit lite tips, lat dette verte ei spenstig myldring av idear og ikkje ein debatt der vi hentar fram motforestillingar til idear og innspel andre kjem med.

Vi ønskjer velkomen til både sprelske og jordnære idear.