Vi veit at mange har idear og tankar om framtida til arrangementet, derfor byr Sæbø IL inn til eit idemyldringsmøte. Kva vil vi med Hjørundfjorddagane? Skal vi fortsette i same mønster som før, eller skal vi tore å prøve oss på noko nytt? Kanskje eit nytt tema: Friluftsliv? Bil? Fjord og fiske? …….. Myldringa må gjerne starte i kommentarfeltet på portalen og fortsette onsdag kveld på Klubbhuset.
Eit lite tips, lat dette verte ei spenstig myldring av idear og ikkje ein debatt der vi hentar fram motforestillingar til idear og innspel andre kjem med.
Vi ønskjer velkomen til både sprelske og jordnære idear.
Kommentarar
Utstillingar med kjende målarar, og med lokale handarbeid er flott.
Trur kanskje ikkje alle er like intressert i oriflame, vaskemiddel og den type utstillingar. Balansen er viktig da..
Må erkjenne at eg er like spent kvart år på å sjå elevutstillinga frå sæbø skule, og utstillingane i sløydsalen har vorte veldig bra.
Program...Scena er viktig, men kva som skal være der kan vel være mange meiningar om. Kva som er mulig er og viktig. Kanskje en revy? Cabare? Teater?Opra?
Fiskekonkuranse fra kai?
Guidet tur på Hjørundfjord kan nok være av intresse for mange.
Kva med hobbykurs? maling, leire, ol.på 3 timar f.eks.? Sjølv om dei fleste vil gå rundt å sjå kan kurs være noko for andre.
Kurs i lefsebaking, flatbrødbaking.... Eller berre "bak dine egne lefser". Trur det var god omsetning på lefesne til bondelaget då dei hadde det på "nyeskulen".
Kanskje meir "egenaktivitet" enn det som har vore før, at publikum vert meir deltakande kan være noko.
Kanskje kan de ta kontakt med Actus v. Torhilld Emdal - dei reiser rundt og lager rusfrie aktiviteter for born og unge. Bl.a. har dei vore aktivte i forhold til Den store Familiedagen i Borgundgavlen. (Eg har tlf.nr. til ho om det er av interesse.) Bl.a. har dei showet om sjørøverkaptein Klara, og mange flotte idear til aktiviteter som engasjerer publikum.
Det er ikkje alltid ein treng å finne opp kruttet sjølv. En kan låne ideane til dei som har fungerende opplegg og, for så å lage en egen mix.
Det er en del ny folk i bygda / Fjorden. Kanskje en kan lage til et rom der en presenterer alle lag og organisasjoner? Det er ikkje sikkert at alle veit alt om kva som røyve seg....
Jaja, nohar eg komt med mi "idemyldring" - å kanskje kjem eg på litt meir seinare...
Men andre utfytta Hjørundfjordinga og andre lesere av portalen som er med på ulike arrangement rundt om i det ganske land -
kom med tips. Eg er heilt sikker på at dine tanka og idae ar like bra som mine - og kanskje mykje meir intressange for dei som arrangerer Hjørundfjorddagane. Og no vil dei ha tips og idear så kom igjen å skriv.....
om alle kjem med litt kan det verte mykje bra å velge i :-)
Veteranbiltreff?
Bil rebus?
Fotokurs? Skrivekurs? (datamaskina mi treng rettskrivingskurs.... :-))
Historiske vandringar?
Vinsmaking? Vinkurs er veldig in for tiden da....
Vikingleir med matkurs i korleis lage mat på "viking måten" - var med på sist Familiedag i Borgundgavlen - veldig populært.
Det er vel egentlig bare å komme på ting som kan gjerast her folkens....
Som Eva nemner her kan ein godt tenke litt på utsida av boksa (skuleområdet). Kvifor ikkje ta i bruk kaiområdet/hamna eller evnt. andre areal også?
Kva med talentiade med lokale ukjende band som vil prøve seg? Eg er sikker på at det kunne ha slått an. Ikkje kostar det noko særleg heller vil eg tru. Her er plenty med band i regionen.
Eksotisk mat i tillegg til grillbuda. F.eks thailandsk matbod? Gresk? Moglegheitene er mange.
Ei fotoutstilling med bilder frå portalen /fjorden som folk kan kjøpe eller i alle fall bestille, både til veggen og bilen / campingvogna. Salg av andre hjørundfjorden effekter.
Også ønskjer vi meir aktivitet som skaper marknadsstemning, det held ikkje med standa som er i gymsalen. Kva med "Hjørundfjordleikane"? Stable bruskasser, kassebilløp, fiskekonkurranse, kaste høyballar, spørjekonkurranse(r), merketaking , ..... Eg veit, litt av motforestillingane er at vi ikkje er nok folk til alt dette, men kanskje finst det løysingar blant portallesarane?
Det som er (super)bra er tilbodet av mat! Varm mat, kald kakemat. Kanskje kan vi gjere enda meir av det? Mmm, eg hugsar grillspydet frå Ulsteindagane i juni..... Og fruktsalaten litt seinare same dag.
Kankje kan det være ein ide å legge ut namna på dei som set i nemda / komiteen for Hjørundfjordagane?
Då kan folk ta direkte kontakt med disse og på denmåten kome med ideane....
Forslagskasse på Bellingen for dei som vil være anonyme?
Syns folk er meir en bære litt trege her inne - har då vitterlig haurt folk være myyyyyyykje ivregare - men då var det for å kritisere opplegget kring Hjørundfjorddagane.
No er det alle sin mulighet til å kome med idear så kom igjen alle de som har vore så kritiske til eksisterande oppleg....(eller så bør de faktisk være still med kritikken og)
Først av alt. Det er flott at det vert respons på denne saka, både her i kommentarfeltet, og i forumet. Ver med i debatten, og kom med idear. Utskrifter frå debatten her og i forumet vert lagt fram under idemyldringa.
Idemyldringa på klubbhuset komande onsdag (den 3dje sept.) vert lagt opp som følgjer: Først ein kort intro om Hjørundfjorddagane og kva det har vore. Der etter informasjon om kva ein ynskjer å få fram.
Så vert alle frammøtte delte inn i grupper på ca. fem personar i kvar gruppe. Det første dei skal svare på i gruppene, er kva Hjørundfjorddagane er gode på.
Etter ei kort oppsummering går vi laus på hovudoppgåva. I gruppene skal ein drøfte kva Hjørundfjorddagane kan verte betre på, og kva som må til av nye tiltak. Her er det berre å sleppe fantasien laus. Då handlar det om idear og ikkje namn. Vi er til dømes ikkje ute etter å vite at det hadde vore fint å ha Bruce Springsteen, Vassendgutane eller Lene Aleksandra under Hjørundfjorddagane, men meir i kva konsept vi kan greie eventuelt å ha slike namn. Vidare idear om utstillingane, som tema, kvalitet, kunst eller kitch. Kanskje skal vi ikkje ha utstillingar i ndet heile. Eller kanskje skal vi berre ha utstillingar?
Poenget er at her skal alle stille med opne sinn, og sjå på mulegheitene Hjrundfjorddagane har.
Alle ideane skal oppsummerast og skrivast ned. Det er ikkje lov for nokon å seie at dette er ein dårleg ide. Absolutt ingen motførestellingar skal kome.
Til slutt skal gruppene vurdere ideane. Ingen skal forkastast, men gruppene skal få lov til å prioritere kva idear dei synest best om.
Då vil styret i Sæbø IL, og den nye nemnda for Hjørundfjorddagane (som eg trur ikkje er sett ned enno) få mykje å snakke om. Og det er i nemnda ein til slutt må ta stilling til vegen vidare.
Dette er eit møtekonsept eg har gjennomført tidlegare, mellom anna på ungdomsmøtet som vart arrangert i bygdemobiliseringa sin regi. Det vart ein suksess, og det som kom fram på det møtet ligg i botnen for både trivses- og sysselsetjingstiltaka som bygdemobiliseringa arbeider med.
Ta sjansen, møt opp, og påverk utforminga av dei framtidige Hjørundfjorddagane.