Ein av naboane til kaia, Eldrid Øye, er den næraste til å uteske om kva som har skjedd den siste månaden. Ho seier det ikkje sjølv, men det er andre som veit at det er ho og ektemannen Helge som er drivkrafta bak tiltaka på kaia.

Eldrid Øye 2 (2)

Eldrid Øye er primus motor bak opp-pussinga av kaihuset. (Foto: Knut Hustad)

Kaihuset presenterer seg i dag med kvita murveggar, nymåla dører og vinduskarmar, montert stålbeslag på takpartiet av endeveggane og under vindua.  Utanfor står eit solid bord med friske blomster i glasvase, eller er det krystall?

- Vi er ikkje ferdige enno. Til påske skal vi vere komne eit godt stykke lengre, seier Eldrid og kvier seg for å ta mot skryt før heile prosjektet er på plass.

-Vi hadde ein dugnadsgjeng her i sommar som starta jobben: Gunn Torvik og Rune Refsnes, Nelly og Sverre Urke, Johan Arnt Leknes, Sverre Evensen, Svein Jarle Urke saman med Helge og meg sjølv. Både fastbuande og hyttefolk var med.

-Først høgtrykkvaska vi veggar og tak og slemma med Heidi Kvit, kjøpte inn ein del beslag som mangla og fekk dei montert. Målinga kom på plass i ein fei, og med det vart det slik det ser ut no. Vi bestemte oss for at til Urke-Helga 8.-10. august skulle alt det utvendige vere unnagjort.

Eksempelbilder 004

Slik presenterer kaimiljøet seg no med "nytt" kaihus, småbåthamna og velkjende fjell i bakgrunnen. (Foto: Eldrid Øye)

Det merkast godt at dette arbeidet var trivselsskapande. Stadig ser ein at det er reisande som slår seg ned ved bordet og kosar seg.

Eksempelbilder 001

Her eine dagen fann vi to-tre tyske familiar som kosa seg på kaia. Karfolka var mest opptekne med fiske. Smil og glede kjem fram frå gjengen ved bordet. (Foto: Eldrid Øye)

Vi må ikkje undervurdere behovet for slike trivelege stoppstader for våre gjester. Eldrid er sjølv turistvert og veit kva ho snakkar om. 

- Tanken er at bygda og alle som kjem hit skal føle seg velkome og oppleve trivsel og dermed få lyst til å kome hit seinare. Bygdefolket skal og få glede av at huset vert sett i stand og kanskje kan verte tilgjengeleg ved mange høve.

Dermed får vi vite litt om dei framtidige planane. Eldrid står i spissen for eit arbeid som grendalaget, småbåtlaget og helselaget stiller seg bak.  Det er inngått eit konstruktivt samarbeid med Urke kailag som har gitt løyve til å bygge eit 3 kvm. toalett inne i det nordvestre hjørnet med tilkomst utanfrå.

Urke Helga 08 005 (3)

Inngangen til toalettet kjem bak hjørnet t.v. og på baksida kjem og rørføringar og tank.

Eldrid opplyser at det er berre velvilje ein møter frå naboane og grunneigarane. Løyve til graving, tankplassering og vass- og kloakktilknytning er uproblematisk. Ho sveittar likevel over ein 2 cm tjukk papirbunke som skal oversendast kommunen for å få alle formalitetar i orden. Men vi er innstilt på at dette skal gjerast både korrekt og skikkeleg, seier Eldrid.

Økonomien er komen på plass ved tilskot frå dei som stiller seg bak arbeidet saman med eit monaleg beløp frå overskotet frå Heimkomehelga 2007.

Vi har fått lovnad om å få leige fagfolk til ein god del av restarbeidet,  opplyser Eldrid. Dugnadsånda er ikkje avliva her i bygda, og det trengst heilt sikkert dugnad for å få siste jobben på plass, forstår vi.

Planen tilseier at dette skal vere på plass til påske. Om ein så har mot og energi til å kaste seg over ei ytterlegare innvendig opp-pussing, må tida vise, seier Eldrid optimistisk og engasjert.