Det var i går, onsdag den 20. august, at det vart oppdaga eit fiskande garn i Bondalselva.  Garnet vart funne i elva rett framom Kvistadbrua i Frøland si sone og då grunneigar Karl Asgeir Sæbønes fekk opp garnet var der ein fin ho-laks i det på ca. 4 kg.

I det siste har det vore mange fiskar/laksar i hølen der garnet vart funne - kanskje så mange som 10 - 15.  Mange har også vore på staden og sett på laksane og har gledd seg over at så fine laksar har overlevd fiskesesongen.  Tyske Alfred Schlegel, som har sett på llaksane fleire gonger,  meiner at to av laksane har hatt ei vekt på ca. 15 kg.

I går vart altså eit garn funne i denne hølen med ein laks i og ingen andre laksar var å sjå i nærleiken.  Grunneigar Karl Asgeir Sæbønes meiner at garnet var spesiallaga til ulovleg laksefiske.  Det var ca. 4 famner breitt og berre ca. ei famn djupt.  Garnet hadde bly/lodd i underkant.

IMGP6890 (Large)

Dette er hølen der det inntil nyleg stod 10-15 laksar.  Det var også i denne hølen garnet med ein laks i vart funne.  Hølen har fjellgrunn med ein liten sandbanke nedst. 

Karl Asgeir Sæbønes legg ikkje skjul på at han er forbanna.  - Her stengjer vi elva allereie den 1. august for at laks skal kunne gå fram i elva og gyte naturleg og så opplever vi dette, seier han til hjorundfjord.no.

Karl Asgeir trur slett ikkje at dette er "gutungefere" i all den dag det ser ut til at garnet - eit monofilgarn - er nærast spesiallaga til tjuvfiske i Bondalselva.  Garnet var ikkje festa i land då det vart funne.  Teoretisk kunne garnet såleis ha kome rekande nedover elva, men Bondalselva er no svært lita slik at det er lite truleg, seier Karl Asgeir vidare.

Helge Strand, den bondalingen som vel har mest kunnskap om laks og laksefiske i Bondalselva, kom tilfeldigvis forbi då garnet og laksen vart teken opp av elva.  Helge trur i alle høve ikkje at laksen hadde vore i garnet meir enn i to døgn - truleg mindre.  - Kanskje hadde det ulovlege fisket skjedd natt til i går, undrar han.

Det er mange i Bondalen som er svært vonbrotne over at folk kan finne på slikt.  Som nemnt er det ikkje synlege laksar i den aktuelle hølen no lenger.  Frykta er sjølvsagt at tjuvfiskaren/tjuvfiskarane har fått med seg dei andre laksane, men har måtte forlate den som var att p.g.a. av at den var svært fast i garnet og/eller at han/dei hadde flykta frå staden i frykt for å verte oppdaga.

Helge Strand nøler ikkje med å kalle dette miljøkriminalitet.  Han rosar grunneigarane for at elva vart stengt for alt laksefiske allereie 1. august - eit tiltak som beviseleg har ført til at meir laks har fått gå fram i elva.  Men ein eller fleire har altså ikkje å sjå på fin laks stå i ein høl og vente på å bli gyteklare.  Dette viser diverre at ikkje alle er til å stole på og kontrollen må såleis styrkjast, meiner Helge Strand.

Leiaren i Bondalselva elveigarlag, Kenneth Hustad, er djupt vonbroten over det som har skjedd.  Han er likevel glad for å sjå at folk har augene med seg og seier det er fint om folk held eit vaktsomt auge med Bondalselva.  Hustad seier at denne saka er meldt til politiet.