Klikkar du deg unn på denne lenka - http://www.eurofoto.no/dagens_digitale.php - finn du i høgre marg dette fotoet:

hj

Foto: Rune Thomas Sæbønes

Han som har teke det beste fotoet i eurofoto.no sin fotokonkurranse for juli månad, er altså "vår eigen" Rune Sæbønes.  Rune har fotografert frå Sæbøneset i retning innover Hjørundfjorden.  Vi ser m.a. fjella Stålberghornet og Jakta.  I tillegg ser vi delar av regnbogen som prøver å ramme inn desse fjella.

På fotoet under har Rune fotografert delar av  det same motivet som over, men då har han sett apparatet på høgkant.  Heilt til slutt eit tredje fotografi av Rune.   Denne gongen har han fotografert frå Trandal i retning utover Hjørundfjorden.  Dette siste fotoet tok Rune no under Skilsmissefestivalen på Trandal sist helg.

IMG_8592 kopi

Til slutt eit motiv frå Trandal:

IMG_9282 kopi