Ved  elveosen til Bondalselva er det plassert ein "Laksebørs", eit lite, men populært bygg der m.a. ein lakseprotokoll er plassert.  I denne protokollen skriv stort sett alle laksefiskarar i Bondalselva opp den fangsten/laksen dei får gjennom sesongen.  Like før sesongslutt for laksefisket i 2007 vart denne lakseprotokolen fjerna/stolen.  Til sesongstart 2008 vart difor ny protokoll innkjøpt av Bondalen elveigarlag og  plassert i "Laksebørsen".  No sist tysdag vart sidene der årets fangst var notert, fjerna.

IMGP5439 (Large)

Bjørn Hovden fekk i år den første laksen i Bondalselva.  Her ser vi han framom "Laksebørsen" der lakseprotokollen er plassert.

Tidlegare i dag snakka underskrivne med Kenneth Hustad, leiaren i Bondalen elveigarlag.  Kenneth Hustad var tydeleg svært lei seg over at sider frå lakseprotokollen var fjerna.

- Kenneth, mange har reagert over at sidene i den nye lakseprotokollen der årets fangst av pjakk og laks i Bondalselva er notert, er fjerna.  Er det de i styret i elveigarlaget som har gjort det for evt. å gå gjennom årets fiskeresultat?

- Nei, slett ikkje.  Korkje eg eller andre i styret står bak dette hærverket/fjerninga av dei aktuelle sidene i protokollen.  Som svært mange veit, vart lakseprotokollen der dei siste års fiskeresultat for Bondalselva var notert, stolen i fjor.  Difor er det ekstra trist at dette skjer igjen. Vi må hugse på at stort sett alle som får laks i Bondalselva brukar mykje tid på at resultata i protokollen skal verte rettast mogleg -  nøyaktig vekt vert notert.  Det same vert stort sett lengda på laksen antan laksen vert fiska i flugesona eller ved Kvistadbrua.  Rett nok er ikkje heile protokollen no borte, men dei aktuelle sidene er fjerna - fjerna truleg med kniv.

- Veit de i styret kven som står bak dette?

- Nei, diverre ikkje, men eg trur nok at tjuveriet av protokollen i fjor og fjerninga av sidene i år har ein samanheng med kvarandre.  Vi i styret ser så alvorleg på denne saka  at vi no har meldt ifrå om det som har skjedd til Politiet/Lensmannen i Ørsta.

- Kva tid vart sidene fjerna?

- Det skjedde nok tysdag tidleg ettermiddag, i alle høve etter klokka 11.  Dette veit vi etter å ha snakka med laksefiskarar og andre som jamnleg kikar i protokollen.  Fjerninga av sidene må også mest truleg ha skjedd mens vi som er eigarar av småbåthamna (KH: Den ligg like ved "Laksebørsen") heldt på med noko arbeid der.

- Men kva med årets fiskeresultat, eg tenkjer på antal fiska laks/pjakk og vekt, er dei opplysningane borte?

- Nei, slett ikkje.  Fiskeresultatet har vi nokså nøyaktig likevel.  Mange av oss har nemleg  notert frå sidene i protokollen jamnleg og fotografert dei - nettopp på bakgrunn av det som skjedde i fjor.  Men vi går nok glipp av av detaljar, detaljar som kan vere viktige nok.  Eg tenkjer på kva tid i sesongen det er fiska mest, antal laks, antal pjakk, vekt osb., men vi skal nok etter kvart finne ut av det meste.  Nei, dette er  berre trist og meiningslaust. 

Kenneth berre sukkar og legg til at denne laksebørsen har ein svært viktig sosial funksjon.  Mange laksefiskarar kjem om morgonen, tek seg ein kaffi ved "Laksebørsen", ser i protokollen og snakkar med andre.  Fleire lokale folk kjem også og ser i protokollen sjølv om dei ikkje fiskar.

Kenneth Hustad tek også imot tips om det er nokon som veit kven som står bak dette.  Sjølv vil han ikkje spekulere i kven det kan vere, men han ser som nemnt fjerninga av sidene i samanheng med tjuveriet av dåverande lakseprotokoll i 2007.

IMGP6519 (Large)

Denne laksefiskaren frå Sveits (vi kjem tilbake med namn seinare), fekk ein av dei siste laksane som vart fiska i Bondalselva i sesongen 2008.

Til slutt kan det nemnast at laksefiskarar og andre som har halde seg oppdatert gjennom nettopp aktiv bruk av lakseprotokollen, i dag har opplyst til hjorundfjord.no at fangsresultatet for Bondalselva for sesongen 2008 er nokså lik som for sesongen i 2007, dvs. ca. 700 kg.