På andre og siste dag av Bjørkedagar blei det arrangert topptur til Kårdalstindane 1490 moh. Klokka 10.00 var det start på Sellereitet på Leira, og det var 15 ivrige, små og store, turgåarar som la i veg mot Kårdalen i fyrste omgang. Kjentmann var Bjarte Sellereite, men det skulle vise seg at det var dottera hans, 6 ½ år gamle Inga Sellereite, som skulle ta kommandoen oppover granskogen mot Kårdalen. Ho la i veg i eit forrykande tempo og krutet såg ikkje ut til å ta slutt. Tett under kanten av Kårdalen blei det kommandert stopp frå høgare hald, og Inga og resten av gjengen tok ei velfortent matpause under upåklagelege forhold. Med lettskya himmel og rundt tjue varmegrader, var det duka for ein flott dag på fjellet, og med ei stadig betre utsikt...
Inga Sellereite(t.h) viser veg.
Bård Sellereite og bestemor Bjørg i fint driv oppover mot Kårdalen. Bak kjem Lindis Sellereite.
Ei stund seinare var turfølget kome inn i Kårdalen og ruta gjekk no vidare opp ei dryg side med ur, før ein kjem inn på ein rygg og opp på topp-platået. Oppe i Kårdalen skilde gruppa lag og dei to yngste saman med mor og bestemor si, gjekk vidare inn mot Kårdalsvatnet. Resten byrja på den dryge ura.
Bjarte Sellereite tok over som kjentmann. Her på veg opp ei dryg side.
Letta ein blikket opp frå skotuppane og ura fekk ein sjå større «steinar». Bak ser vi Rokkekjerringa 1543 moh.Blåbreen har fått fram nokre stygge sprekker.
Med Hornindalsrokken 1529 moh som ei pyramide i sør, Kvitegga 1717 moh i sør-aust og eit virvar av bre-sprengde tindar og eggjar i vest, var den første toppen (1470moh) innanfor rekkevidde. Det er dette som vert rekna for å vere hovudtoppen, fordi høgste topp på 1490 moh er berre ein brekul nokre hundre meter lenger syd-aust. På Topp 1470 blei det ein rast, samt utsetjing av ny bok pluss behaldar av galvanisert stål. Den førre boka var lang ifrå utskriven. Tvert i mot er det få som vitjar Kårdalstindane i følgje ho. Kanskje hadde det noko med at boka låg for godt gøymd inne i varden på toppen? Ikkje fortvil, no er ei ny bok koma så no er det berre å ta turen til Kårdalstindane...
Ei sprek jente frå Oslo nærmar seg toppen.
Panorama frå toppen.
Endeleg oppe. Frå Topp 1470 gjekk turen så vidare mot hovudtoppen på 1490 moh. Deretter var planen å følgje kanten mot Viddalsdalen vidare nedover mot Vår Herre's Skosyl og Årviktindane som fjellrekkja framme på kanten mot Hjørundfjorden blir kalla lokalt. Ut av dette får du ein flott rundtur. Snart på hovudtoppen. Den kjende veggen til Skårasalen 1542 moh bak. Frå hovudtoppen på 1490 moh gjekk turen vidare nedover mot Vår Herres Skosyl. Anne Karin frå Lofoten saman med det ein bokstavelegtalt kan kalle ei kvass nål. Hjørundfjorden og indre delar av fjorden sett frå Årvikstindane. Utsikta er ganske enkelt plukka frå øvste hylle.
Som om ikkje Hornindalsrokkjen er noko mindre skue! Nedturen følgde same veg attende, berre at rundturen gjorde at vi kom attende der den dryge sida kom opp. Vel attende på Sellereite var alle samde om at det var ein gilde tur. Tekst og foto: Håvard Myklebust
Frå toppen med sjølvutløysar. Bak den flotte gjengen med turgåarar anar vi Hjørundfjorden.
Vår Herre's Skosyl stod og venta på slitne fjellsko. Dessverre var vår nokre nummer for små.
Hjørundfjorden ligg der trygt og godt mellom fjella.
Kommentarar
Eg prøvde å sjå etter om eg såg båter på desse bilda frå Storfjorden men båtene er ikkje lette å sjå når bilda er tatt frå slike høgder.
Båtene blir små frå slike høgder.
Det har våre mykje seifiske i Storfjorden og mange båter har det våre på fjorden.
Dette var vel på søndag så der var vel få ute å fisket.
Difor la eg ut eit nytt bilete. Dette har ikkje same feila som det andre bilete men er heller ikkje feilfritt. Det nye bilete er det nest siste på artikkelen.
For å bemerke det: Dette er ein tur fleire burde unne seg. Turen er ikkje særleg krevjande, noko som gir ein billig bilett til ein stor opplevelse.
Bjørke og Skjåstaddalen ligg nok utanfor venstre biletkant.
Det er eit fint panoramabilete Håvard!
Kor mange bilete har du limt det saman av? 2?
Brukte du stativ ?
Ein ser vel også Sæbøneset og Leknes?
Tanken melder seg: Her er det grunnlag for eit "Hjørund-leksikon" (eller finst det?) - og eit lokalt "Kvitt eller dobbelt!"